Richard Grov Arne Hjeltnes Sonja Hoven foto Ogne
MAJESTETISK OPNING: Dronning Sonja, Richard Grov og Arne Hjeltnes på fjellet Hoven under opning av gondolbana i 2017. Investeringa har blitt ei pengemasking for Hotel Alexandra-konsernet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Richard Grov: -Vi klyp oss litt i armen

Hotell-konsernet i Loen med nytt rekordår i fjor. Enda betre start i år. Toppsjefen åtvarar mot byråkrati.

20.06.2025

Med pengemaskina Loen Skylift som sin fremste attraksjon har Hotel Alexandra-konsernet i Loen hatt ein kraftig vekst og god lønsemd i fleire år. 

2024 blei ikkje noko unntak - og også 2025 har starta svært godt i følgje Richard Grov, toppsjef og største aksjonær.

– Eg har gjentatt meg sjølv mange gangar. Vi har foretatt, kvart år,  store investeringar, og vi gjer det fordi vi trur det skal gi resultat. Og det har det gjort, seier Grov til Nett No.

Valutagevinst og betre tilbod
I tillegg til å framheve dei tilsette og organisasjonen, peikar han på den svake norske krona som ei forklaring på veksten. 

I tillegg meiner han reiselivsbransjen i Noreg greidd å bygge attraktive og gode tilbod. Og - ei svak norsk krone gjer det relativt billegare for utlendingar å kome til Noreg.

Ein dag må vi kanskje tilpasse oss andre realitetar, men det blir ikkje i år
Richard Grov

Så langt ser han heller ingen teikn til at internasjonal uro har dempa reiselysta, samstundes som han minner om ordtaket om at ingen tre veks inn i himmelem.

– Ein dag må vi kanskje tilpasse oss andre realitetar, men det blir ikkje i år, seier han.

Loen Skylift AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt83,179,6
Driftsresultat42,442,5
Resultat før skatt36,234,2

– Ein giftig coctail
Konsernet planlegg nye investeringar, både oppe ved gondolstasjonen på fjellet og nede i bygda.

På fjellet er det mellom anna eit butikkbygg og tilrettelegging for fleire besøkande enn Grov såg for seg då gondolanlegget vart planlagt. I alt er det snakk om ei investering på 40 millionar kroner.

Nede i bygda er det planar om både bustadar, utvida hotellkapasitet og andre næringsbygg. 

Kommunen har eit handlingsrom som er like stort som vengespennet til ein mygg
Richard Grov

Begge planane krev ny reguleringsplan, og arbeidet med dei frustrerer Grov. Det er blitt dyrare og meir tidkrevande og eit trugsmål mot investeringsvilje og evne, etter hans vurdering. Ansvaret ligg på politikarane, meiner han.

– Det sit mange politikarar med gode intensjonar i alle retningar og summen av det har blitt ein giftig coctail, seier Grov.

Han skuldar ikke på kommunen for den tidkrevande prosessen, men instansar høgare opp i systemet.

– Kommunen har eit handlingsrom som er like stort som vengespennet til ein mygg, seier Grov.

Resultat-tabellane for Hotel Alexandra og Hotel Alexandra-konsernet er oppdatert mandag 23. juni, med 2024-tala.

Hotel Alexandra AS (konsern)  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt334,9313,0
Driftsresultat66,163,2
Resultat før skatt42,339,4
Hotel Alexandra AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt183,9175,1
Driftsresultat23,722,8
Resultat før skatt20,015,3
   
Hotel Loenfjord AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt35,130,4
Driftsresultat3,83,5
Resultat før skatt2,62,8
   
Hoven Restaurant AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt25,022,7
Driftsresultat1,40,4
Resultat før skatt1,60,4
   
Loen Active AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt14,513,0
Driftsresultat3,93,0
Resultat før skatt4,23,4

Publisert: 20.06.2025 12:02

Sist oppdatert: 23.06.2025 09:18

Mer om