At Yme in December 2020 Foto Repsol Bitmap
TOK OVER: Riggen Havila Holding-selskapet Havila Sirius avtalte å kjøpe i vår er no tatt over av Havila Sirius, og har fått Fosnvåg som heimeadresse.Foto: Repsol
Nytt

Rigg får adresse Fosnavåg

Rigg til 3,1 milliardar kroner er overtatt av Havila-selskap.

28.10.2021

I vår blei Havila Sirius og Maersk Drilling samde om at Havila Sirius - eit selskap i Havila Holding-konserneret - kjøper riggen Inspirer.

No er riggen overlevert, og namnet på heimehamna Fosnavåg sveisa fast på riggen.

Avtalen er slik at Havila Sirius tek over eigarskapen til riggen etter at den har byrja å produserer olje i september i år. Havila Sirius skal eige riggen i 10 år. Då tilfell den Repsol, og dei andre lisensinnehavarane på Yme-feltet, og Havila Sirius, har deretter ikkje meir ansvar knytt til riggen.

Yme-feltet har fire lisensinnhavarar, Repsol Norge, Lotus Exploration & Production Norge, Okea og Kufpec Norway. Det er solide betalarar og avtalen er sett opp slik at Sævik kallar den ein «vasstett avtale».

- Eg trur ikkje vi har tenkt å ligge vakne og lure på om vi får betaling, sa Per Sævik i Havila Holding då avtalen blei inngått.

Publisert: 28.10.2021 08:21

Sist oppdatert: 28.10.2021 08:35