Maersk Insopire innfelt Per Sævik Wikborg Rein seminar Ålesund 6 sept foto Ogne
RIGGEIGAR: Per Sævik er administrerande direktør i Havila Holding-selskapet Havila Sirius, som kjøper riggen Mærsk Inspirer (innfelt)..
Nytt

Milliardkjøp for Havila-selskap

– Etter våre forhold er det ganske store tal, seier Per Sævik om riggkjøpet til 3,1 milliardar.

27.05.2021

Det er Havila Sirius som kjøper riggen, og leiger den vidare til Repsol Norge og tre andre samarbeidande oljeselskap for bruk på Yme-feltet, sørvest for Jæren.

Havila Sirius er eit heileigd selskap i Sævik-familiens holdingselskap Havila Holding.

Eg trur ikkje vi har tenkt å ligge vakne og lure på om vi får betaling
Per Sævik

Det er Maersk Drilling som sel riggen. Repsol Norge skal drive riggen, som er bygd i 2004. Ved årskiftet 2020/2021 vart den slept ut på feltet etter ei ombygging frå borerigg til produksjonsrigg.

Prisen er 3,1 milliardar kroner, ifølgje ei børsmelding frå Mærsk Drilling.

Les pressemelding frå Repsol Norge her

Ikkje uroa for nattesømnen
Per Sævik er administrerande direktør i Havila Sirius og eig Havila Holding saman med sine tre barn.

- Etter våre forhold er det ganske store tal, seier Sævik til NETT NO om milliardavtalen, som har vore arbeidd med i over eitt år for å få i stand,

Avtalen er slik at Havila Sirius tek over eigarskapen til riggen etter at den har byrja å produserer olje i september i år. Havila Sirius skal eige riggen i 10 år. Då tilfell den Repsol, og dei andre lisensinnehavarane på Yme-feltet, og Havila Sirius, har deretter ikkje meir ansvar knytt til riggen.

Leigeinntektene undervegs gir «ei god avkastning» seier Per Sævik til NETT NO.

Lånefinansiert
Kjøpet er lånefinansiert ved hjelp av investorar i utlandet, gjennom ein avtale som korkje er eit obligasjonslån, eller eit banklån, ifølgje Sævik.

Yme-feltet har fire lisensinnhavarar, Repsol Norge, Lotus Exploration & Production Norge, Okea og Kufpec Norway. Det er solide betalarar og avtalen er sett opp slik at Sævik kallar den ein «vasstett avtale».

- Eg trur ikkje vi har tenkt å ligge vakne og lure på om vi får betaling, seier han.

Havila Holding eig 33,34 prosent av aksjane i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO

Publisert: 27.05.2021 15:19

Sist oppdatert: 28.05.2021 10:32

Mer om