Nytt
Roarane i mål
Har samla inn over 600.000 kroner.
31.08.2018
Petter Gunnarstein og Robin Halsebakk har nettopp nådd Ålesund etter å ha lagt ut frå Trondheim fredag 24. august.
Undervegs har dei samla inn over ein halv million kroner til Kreftforeningen, og bodet på båten er no oppe i 150.000 kroner, seier Robin Halsebakk.
Siste dagen gjekk i strålande solskin, og roarane og gjester er no samla ved Sølvtrans sitt kontor på Skansekaia for å markere innsamlingsaksjonen og avslutning på turen.
Blant gjestane er både helseminister Bent Høie og fiskeriminister Harald Tom Nesvik.
I fjor var dei to Sølvtranstilsette på sykkeltur gjennom heile Noreg for å samle inn pengar til Kreftforeningen og drive reklame for oppdrettsnæringa.

Publisert: 31.08.2018 17:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25