Chiharu Kiyohara 3 D Knitting Technology as foto Ogne
TRE TiLSETTE: Chiharu Kiyohara er ekspert på 3D-strikkerobotar og flytta frå Japan til Sykkylven for å vere med å bygge opp 3D Knitting & Technology. Frå og med i fjor har selskapet hatt tre tilsette. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Robotstrikk på veg mot balanse

Inntektene veks og og underskotet krympar for 3D Knitting & Technology i Sykkylven.

20.06.2025

3D Knitting & Technology har budsjettert med i underkant av fem millionar kroner i inntekt i år, og ligg relativt godt an i høve til budsjettet, ifølgje dagleg leiar Åsne Helen Folstad. Slik det ser ut no blir 2025 også eit år der selskapet vil drive i balanse, etter minusresultat dei to siste åra. (sjå tabell).

Målet til 3D Knitting & Technology er å utvikle kompetansen til å ta i bruk og utvikle 3D-strikketeknologien, både til tekstilindustri, møbelindustri og og annan industri i heile landet.

Med 3D-strikkemaskiner kan du til dømes strikke ein genser i eitt stykke slik at den er klart til bruk i det den kjem ut av maskina. Ekornes har slike maskiner til å strikke møbelstoff, og teknologien blir mellom anna også brukt i sko og interiørprodukt. 

Selskapet har 20 eigararar, der Sykkylvsbedriftene Amatec og møbelprodusenten Ekornes er dei to største, begge med i overkant av 20 prosent eigarandel. Amatec utviklar atutmatiseringsløysinga og sel sy- og strikkeutstyr.

På eigarsidar er og selskap som Sandella Fabrikken, Sykkylven Stål, Fora Form, Oleana og Flakk Gruppen

3D Knitting & Technology as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt4,12,6
Driftsresultat-0,1-0,4
Resultat før skatt-0,3-0,6

 

Publisert: 20.06.2025 09:32

Sist oppdatert: 20.06.2025 09:32

Mer om