Rydda opp etter byggkonkurs men millionar er tapt
Nytt

Rydda opp etter byggkonkurs – men millionar er tapt

Bustyrar fann fleire forhold i konkurssak han meinte kunne vere straffbare. Men takka vere godt samarbeid, enda saka med forlik.

Marius Rosbach
31.01.2020

Halvanna år etter at byggefirmaet Valdas Bygg melde oppbod, er buarbeidet i konkurssaka innstilt fordi det ikkje er midlar i buet til å dekke vidare arbeid.

Skodje-firmaet hadde 20 tilsette då det gjekk over ende sommaren 2018.

Omsetninga var i 2014 og 2015 oppe i kring 16 millionar, men etterpå gjekk det nedover. Dei siste rekneskapane som er registrert i Brønnøysundregistera enda også med underskott.

Stilte spørsmål ved uttak og sal av verdiar
I den første beretninga frå bustyrar Øystein Remme blir det peika på fleire uttak advokaten stiller spørsmål ved. Remme omtalar også at det verkar å ha skjedd ei tapping av selskapet i forkant av konkursen – ved at verktøy og anna verdiar var selt.

– Det er avdekka fleire forhold som truleg blir råka av straffelova, skreiv bustyrar kort tid etter konkursen var eit faktum.

Les også: Konkurs i marknadsføringsselskap

Har interessentar til verdiane i Mc-Deler

– Rydda greitt opp
I etterkant blei det inngått eit forlik mellom leiinga i selskapet og buet. Bustyrar kritiserer innehavaren for uttak som kan bli klassifisert som private, men at dette er betalt tilbake ifølgje avtalen.

– Han rydde greitt opp i det som var å ta tak i. Eg konkluderte etter dette med at det ikkje var grunnlag for å foreslå konkurskarantene og at det heller ikkje var mistanke om straffbare forhold, opplyser Remme til NETT NO.

Meir enn fem millionar tapt
Betydelege summar gjekk likevel tapt i kjølvatnet av konkursen. Ved utgangen av 2019 var det registrert krav på drygt 5,1 millionar kroner, og bustyrar fann ikkje verdiar som kom kreditorane til gode.

Remme påpeiker at buarbeidet har vore omfattande, mellom anna med tidkrevjande behandling av lønnskrava til 17 av dei tilsette.

Les også: Flest byggefirma konkurs i fjor

Bank bekymra for bygg- og anleggsbransjen

Byggefirmaer på konkurstoppen – bransjeforening foreslår tiltak


Publisert: 31.01.2020 05:55

Sist oppdatert: 21.02.2023 15:12