Eit lagerlokale vegg i vegg med inngangspartiet og kantina til Nordic Wildfish på Valderøya er bygd om til kontor og møterom for to andre fiskebåtreiarlag, Veidar og Nesbakk, salsselskapet Nordic Wildfish Sales det nyetablerte datainnhenting og -analyseselskapet Saxe Tech og it-selskapet Maritech. Også Nordic Steel og Askøy Forsikring leiger plass i bygget, som i alt husar arbeidsplassen til omlag 25 personar.
I tillegg til leigeinntektene gir det å samle fleire bedrifter under same tak ein ekstra gevinst, gevinsten ved å snakke saman på tvers av bedrifter og bransjar.
– Her er store synergiar, for fiskeri er så mykje mykje meir enn det å fange fisken, seier Anders Bjørnerem.
Tok opp plass
Storparten av det tidlegare lagerlokalet som no er eit eit kontorfellesskap vart brukt til å lagre utstyr og anna frå Nordic Wildsfish sine fiskebåtar.
Det som låg der var stort sett ikkje i bruk. Bjørnerem sett i gang ein rydde- og ombyggingsoperasjon, og kunne opne dørene til kontorfellesskapet tidlegare i år.
Synergieffekt
Helge Røsvik og Sindre Gjelstenli i Saxe Tech er to som har arbeidsplassen sin i Nordic Wildfish-bygget.
Saxe Tech blei etablert av Helge Røsvik og broren Markus Georg Saxe Røsvik i 2024.

Selskapet har spesialisert seg på teknologi for å hente inn og analyserer data, mellom anna frå skip.
Helge Røsvik deler Bjørnerem si vurdering om at kontofellesskapet gir synergieffektar. Det er mykje å lære rundt lunsbordet, fortel han.
For Saxe Tech sitt vedkommande kan dei bli veldig målbare.
– Dei ei potensielle kundar, mange av reiarlaga her, seier Røsvik.
Publisert: 08.12.2025 09:00
Sist oppdatert: 08.12.2025 13:54






