Rømd oppdrettslaks i færre elvar
Finn rømd oppdrettslaks i 40 av 220 elvar.
Av 220 elvar over heile Noreg, er det funne moderat til høgt innslag av rømd oppdrettslaks i 40 av dei, viser ein ny rapport. Det er ein nedgang frå året før.
Det er den årlege rapporten for overvakingsprogrammet for rømd oppdrettsfisk i vassdrag, som Havforskingsinstituttet leier, som viser oversikta over førekomsten av rømd oppdrettslaks i elvane.
Arbeidet blir gjort for å overvake i kva grad rømd oppdrettslaks blandar seg med den ville laksen og påverkar genane. Det er påvist at den genetiske integriteten til om lag 35 prosent av bestandane for villaks er god, medan det for den andre har større eller mindre påverknad frå rømd oppdrettslaks.
Mykje oppdrettslaks i 13 elvar
I programmet blir elvane delte inn i tre grupper, dei med lågt innslag rømd oppdrettslaks, som blir oppgitte til under 4 prosent, elvar med moderat innslag (4 til 10 prosent) og elvar med høgt innslag rømd oppdrettslaks (meir enn 10 prosent).
Av 220 elvar som blir overvakte, er 178 av dei definert til å ha lite innslag av rømd laks, medan 27 har moderat innslag. 13 elvar, 6 prosent, blir oppgitt å ha høgt innslag av rømt oppdrettslaks.
Dette er ein nedgang frå 2019 då 145 elvar vart oppgitt til å ha lite innslag, medan 55 elvar, totalt 28 prosent, hadde moderat eller høgt innslag rømt oppdrettslaks.
I rapporten frå Fiskeridirektoratet blir det understreka at det er mykje uvisse knytt til utrekningane, men at det blir brukt fleire metodar for å gi eit så godt bilete som mogleg av situasjonen.
Publisert: 28.06.2021 11:03
Sist oppdatert: 28.06.2021 13:48