Norvivio Hauge Smith Dimmen foto Norvivio
GRÜNDERSELSKAP: Aina M. Hauge (t.v.) er dagleg leiar i oppstartsselskapet som mellom anna har fått hjelp av Bjørn Dimmen frå Digicat undervegs. Jill Aakre Smith er sjukepleiar med spesialisering i kosmetikk og har utvikla hårolja. Ho er produktsjef i selskapet som har adresse i Haram. Foto: Norvivo
Nytt

Søker investorar til hårmiddel

Gründerar startar salet av olje som skal gi ny hårvekst.

Marius Rosbach
23.10.2024

Selskapet Norvivo har utvikla det dei meiner er eit revolusjonerande middel mot håravfall. 

No er dei ute i marknaden og søker investorar til lanseringa. 

– Vi er opne for å hente inntil to millionar kroner, og håpar å vere i mål i løpet av nokre veker, fortel dagleg leiar Aina M. Hauge til Nett No. 

Jill Aakre Smith er sjukepleiar med spesialisering i kosmetikk og har utvikla hårolja. Ho har rolla som produktsjef i selskapet. Stephen Harrison Smith er den tredje gründaren som er i firmaet.

I dialog med fleire investorar
Den økologiske olja har vist seg å gi ny hårvekst hos testpersonane, til og med på blank isse, ifølgje selskapet.

– Så langt har vi finansiert utviklinga gjennom to emisjonar og eit konvertibelt lån frå to eksterne investorar. I tillegg har vi fått god hjelp frå Innovasjon Norge og Haram Næringsfond, legg ho til. 

Dei er allereie i dialog med fleire større investorar som er interesserte. Innovasjon Norge vil stille med lån tilsvarande den nye kapitalen selskapet får inn. Kravet er at det skal være minst éin million – og Innovasjon Norge gir maksimalt to millionar i slike lån. 

Norvivo mann 72 før etter foto norvivo 11
FEM MÅNADERS BRUK: Før- og etterbilde av ein 72-årig mann som har nytta hårolja i kring fem månader. Testpersonen hadde eit «ferieopphold» i den første behandlinga, då den nye hårveksten fall av. Det fortalde selskapet at ein må halde fram behandlinga for at effekten skal halde seg. Foto: Norvivo

Startar salet denne veka
Haram-selskapet har no gåande ei klinisk studie av kvinner og menn med moderat hårtap. Dei første resultata tyder, ifølgje selskapet, på at olja både kan stoppe hårtap, gi sunnare hår og gi ny og tettare hårvekst. 

Allereie fredag startar salet av olja som har fått namnet «Acceleroot». 

Då får kundane ei oppstartspakke som består av ei flaske med to månaders forbruk, og påfyll av olje som trengst for to månaders bruk. Hårolja blir selt som abonnement, og dersom ein sluttar å bruke olja, vil den nye hårveksten etter ei tid falle av.

– Det er meininga at folk brukar opp att flaska. Også emballasjen er laga så miljøvennleg som mogleg, legg ho til. 

Planlegg internasjonalt sal
Ingrediensane er importert frå utlandet, men sjølve olja blir no produsert ved Kosmetikk Laboratoriet i Stavanger. 

Dei siste månadene har det vore mogleg å førehandsbestille olja, og Hauge fortel om svært god respons. 

– Vi har også inngått avtaler med ein rekke hudpleieklinikkar, og jobbar no med å lande samarbeidsavtaler med hårtransplantørar og frisørar, seier ho.  

I første omgang sel dei olja i Norge, men dei vil i januar søke om patent også i en rekke andre land, som gjer at dei også vil selje internasjonalt.

Podium

E23/S2 Kva skal til for å lukkast som gründer?

Publisert: 23.10.2024 09:00

Sist oppdatert: 23.10.2024 10:45

Mer om