– Ser at håret kjem tilbake
Opplever ny hårvekst med middel utvikla av lokale gründerar. No er dei i dialog med investorar.
Selskapet Norvivo har utvikla det dei meiner er eit revolusjonerande middel mot håravfall, som dei planlegg å gjere business av. Werner Rafteseth er mellom dei som har testa olja og opplevd oppsiktsvekkande resultat.
– Det er ikkje i tvil om at det verkar, seier han etter kring ni vekers bruk av olja.
Vil halde fram behandlinga
På issen til ingeniøren som jobbar i Ulstein Group, er det vekse fram ei rekke nye hårstrå. Sjølv om det står att mykje fram til ein fyldig manke, er han ikkje i tvil om at han vil helde fram.
– Eg ser at håret kjem tilbake kring kanten av månen og det er langt fleire hårstrå på toppen av hovudet. Førebels er dei litt lyse og tynne, men eg håpar at dei blir mørkare og grovare etterkvart, legg han til.
Erfaringa ulsteinvikaren har, delar han med ein rekke av testpersonar som har forsøkt middelet til Norvivo. Til no har kring 50 personar testa middelet - uten biverknader, opplyser oppstartsselskapet.
Har forsøkt dyre metodar – utan effekt
Raftseth fortel at han tidlegare har forsøkt reseptbelagde legemiddel og andre naturbaserte preparat – i opptil eit halvt år – utan å merke noko effekt.
– Eg begynte å miste håret tidleg, og har også brukt tupé i nokre år, fortel han.
Reaksjonar på limet som blei nytta til hårdelane, gjorde det til ei dårleg løysing for han. Samtidig er det ein kostbar metode, der ein må betale for «nytt hår» fleire gonger i året og månadlege besøk hos frisøren.
Vil gjennomføre klinisk studie
Aina H. Hauge i Norvivo fortel at firmaet allereie merkar pågang frå folk som har lyst til å teste middelet. Firmaet har mellom anna gjort seg kjent ved å delta i gründerkonkurransen Næringsteft.
Der rauk dei ut etter semifinalen, men gründerane jobbar vidare med å realisere planane for bedrifta.
Hauge fortel at dei er i ferd med å inngå avtale med Helse Møre og Romsdal om å gjennomføre ein klinisk studie. Den vil ta minst eit halvår – frå den blir sett i gong.
– Vi kan likevel starte å selje produkta før studien er ferdig, og vise til kva vi jobbar med å gjennomføre, fortel Hauge.
I dialog med lokale investormiljø
Parallelt med at dei planlegg lansering av produktet til hausten, er selskapet på jakt etter kapital.
Hauge fortel at dei er i dialog med fleire lokale investormiljø og at dei også vurderer folkefinansiering som eit alternativ for å hente inn pengar.
– Vi er spesielt interessert i det som blir kalla kompetent patriotkapital, seier ho.
Hauge fortel at dei allereie er i gong med å teste emballasjen og har avtale med ein produsent i Stavanger som kan levere dei første «tappingane» av olja.
Håpar å etablere eige fabrikk
Planen til Norvivo-gründerane er lansere produktet på marknaden til hausten og selje via netthandel.
Om det går som dei håpar, blir det også Norvivo-fabrikk på Nordvestlandet ein gong i framtida.
– Om det viser seg at det er lønnsamt å bygge fabrikk her i regionen, så vil vi gjere det. Vi har funne ut at det vil ta kring eit år å få levert ei slik produksjonslinje som vi meiner å trenge, legg Hauge til.
Publisert: 13.03.2024 05:00
Sist oppdatert: 13.03.2024 00:16