Som det siste av tre regionlag arrangerte Fiskebåt Vest årsmøte i dag.
Akkurat som Fiskebåt Nord og Fiskebåt Sør går Fiskebåt Vest inn for utmelding.
Fiskebåt organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten og Fiskebåt Vest er regionlaget for blant andre fiskebåteigarane på Nordvestlandet.
Avgjerd i februar neste år
Det er årsmøtet i Fiskebåt som skal ta den endelege avgjerda. Det årsmøtet er i februar neste år.
Fiskebåt er ein av tre organisasjonar under Norges Fiskarlag. Dei to andre er Nord Fiskarlag og Sør-Norges Fiskarlag.
Fiskebåt har stilt krav om at dei tre organisasjonane i Norges Fiskarlag skal ha lik representasjon i styrande organ i Norges Fiskarlag. Det har Nord Fiskarlag, som i dag har fleire representantar enn dei to andre, ikkje gått med på.
Støttar kravet
Også Sør-Norges Fiskarlag støttar kravet om lik representasjon, og også sagt at det ikkje er aktuelt å halde fram i Norges Fiskarlag saman med Nord Fiskarlag, dersom Fiskbåt melder seg ut.
Publisert: 06.12.2024 16:04
Sist oppdatert: 06.12.2024 16:47