Sak om tunneljubel mest lest i 2019
POPULÆR: Saka om 'Jubeldag for skipstunnelen' var mest lest i NETT NO i 2019. Her samfedsleminister Jon Georg Dale flankert av tunnelforkjemparane Rolf Domstein og Randi Paulsen Humborstad.
Nytt

Sak om tunneljubel mest lest i 2019

- Utruleg gledeleg. Interessa berre viser kor viktig dette prosjektet er.

30.12.2019
Det seier Randi Paulsen Humborstad i styringsgruppa i Stad skipstunnel.
17. juni i år publiserte NETT NO artikkelen '' etter ein rapport som gav håp om snarleg byggjestart.
2.549 lesarar las nettopp denne artikkelen på NETT NO, ei sak som enda opp som den mest leste i 2019 (sjå topp-lista til høgre - under om du les på mobil).

God feriestart

Bakgrunnen var ein ny med 630 millionar kroner, og at det meste låg til rette for byggjestart i 2021.
– Dette er ein gledesdag. No ser eg ikkje noko som kan stanse prosjektet, sa Paulsen Humborstad til NETT NO i juni.
Ho fekk beskjeden medan ho var i Spania – på sin første feriedag for sommaren.
- Dette er den beste starten på ferien eg kunne fått, sa Humborstad.

- Gryteklart prosjekt

Seinare vart det ein del tilbakeslag etter at det ikkje vart sett av midlar i det heile på Statsbudsjettet.
Etter aktiv lobbying vart det til slutt sett av .
No forventar Paulsen Humborstad at det vert sett av oppstartsmidlar på Statsbudsjettet neste år.
- Dette prosjektet er gryteklart, og no forventar vi at regjeringspartia held det dei har lova.

Populær Folkestad-brus

Nest mest lest var saka om at det på nytt på Folkestad.
2398 les denne artikkelen, som også var omtala i .
Thomas Busker Larsen seier til NETT NO at det er svært hyggjeleg at denne saka vart mykje lest, men ein han ikkje kome så mykje lenger med brusplanane, med unntak av eiot porsitivt møte med Coop.
- Den største utfordringa er å finne tilbakle til dei opphavlege smakane som vart produserte for ti år sidan.

Klart for Luks-brus

Men eitt av dei gamle Brænne Brus-merka kjem snart på markanden.
- Luks kjem i mai, men det er det Roma på Lillestrøm som produserer for oss.

Offshore-comeback

Sakene om at Sverre 'Andy' Farstad gjorde comeback i offshore var svært populære saker.
Mest lest av sakene vi skreiv var saka om at '', då det nye reiarlaget overtok PSV-en Farland frå Ulstein.
Mykje lest var også saka om planane for .

Drama

Elles var sakene rundt mykje lest, og på tampen av året kom eit nytt drama då det vart full stopp i bygginga av .
Alt bråket rundt , , og fylkesøkonomi var også populære saker blant våre stadig fleire lesarar.
Totalt har NETT NO i 2019 produsert vel 2.500 hovedsaker, i tillegg til vel 1.300 kortnytt.
I tillegg kjem Synspunkt, Nytt om namn og Analyser.
(sjå mest lest-lista til høgre - under om du les på mobil)

Publisert: 30.12.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48