Eva Vinje Aurdal og Vebjørn Krogsæter foto marius
LEIARDUO: Eva Vinje Aurdal (Ap) og Vebjørn Krogsæter (Sp) skal leie Nye Ålesund kommune som ordførar og varaordførar. 
Nytt

Saknar tydelege næringslivsleiarar

Den politiske leiarduoen i Nye Ålesund vil ha med fleire i næringslivet som samfunnsbyggjarar - og peiker på Gunvor Ulstein og Knut Flakk som forbilde.

Marius Rosbach
16.09.2019

Nye Ålesund kommune vil bli flinkare til å samarbeide med næringslivet. Komande ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) og varaordførar Vebjørn Krogsæter (Sp), håpar at tettare kontakt kan vere med å auke forståinga for kvarandre sine roller.

– Vi må forplikte oss meir til kvarandre for å utvikle samfunnet kring oss, seier Krogsæter.

Når Ålesund, Skodje, Ørskog, Sandøy og Haram blir ei kommune frå årsskiftet, vil dei gå inn i eit samarbeid på næringslivssida inspirert av Haram-modellen.

Dei to politikarene påpeiker at målet deira er å bygge både den nye kommunen, Region Ålesund og Sunnmøre som ei merkevare til beste både for næringslivet og kommunane.

To gode forbilde
Eit av ønskja til dei to politikarane er at fleire i næringslivet tek rolla – ikkje berre som verdiskaparar – men også samfunnsbyggjarar.

– Eg saknar tydelege leiarar i næringslivet. Gunvor Ulstein er mellom dei få som meiner noko om ulike ting og tør stå for det, seier Krogsæter.

Aurdal fortel at ho har opplevd at bedrifter på søre Sunnmøre har vore vel så engasjert i Ålesund si utvikling, som næringslivet i kommunen.

– Gunvor Ulstein kan kome og seie til meg at: «No må du sikre sjukehuset vårt», eller at vi må sørge for urban utbygging i Ålesund sentrum. Ho har den type bodskap som går på å bygge heile samfunnet, fortel ho.

– Ålesund hadde til dømes ei veldig god oppleving då Knut Flakk gjekk inn i The North West Det er eit godt døme for næringslivet. Vi skal ha opne armar, men dei må by litt på seg sjølv, seier Krogsæter.

– Knut Flakk er like ivrig som oss på dette må å bygge ei felles merkevare, men han påpeika også at det var første gong han hadde fått ei invitasjon frå kommunen til å gjere noko saman, seier Aurdal.

Flakk gjekk nyleg ut av rolla som styreleiar i The North West. Inn kom ein annan næringlivstopp, Turid Humlen frå Sparebank 1 Nordvest.

Forsøker møte bedriftene
Aurdal og Krogsæter erkjenner at dei kanskje ikkje har vore gode nok til å vise seg der næringslivet møtast, men Krogsæter spør også: – Har næringslivet invitert oss?

I arbeidet med den nye kommunen og Region Ålesund, har ordførarane mellom anna besøkt ei rekke bedrifter og delteke på møteplassar som Aqua Nor og Nor-Shipping.

– Vi opplever at det er ei interesse for å snakke med oss, og at folk blir glade for at vi kjem, fortel Aurdal.

Å opprette ei næringsavdeling i Nye Ålesund håpar dei skal vere med å knytte tettare band mellom kommune og næringsliv.

Les også: Nye Ålesund vil spele på lag med næringslivet

– Helt utrolig at en stor kommune som Ålesund ikke har hatt en næringsavdeling

Næringsleiarar møtte til skulestart
Haram fekk tidlegare i år prisen som årets vertskapskommune for næringslivet mellom landets mindre kommunar. Prisen blei delt ut av NHO og KS for første gong i år. Men innsatsen går også andre vegen ved at næringslivet stiller opp for kommunen.

Då Haram-skulane starta opp igjen etter sommarferien, blei seks næringslivsleiarar invitert for å fortelje kva i utdanninga som vil vere viktig framover etter deira syn.

– Då opplever eg at ting verkeleg kan skje. For vi sitt ikkje med svara på kva som er bra for næringslivet. Det må vi funne ut saman. Då blir også næringslivsleiarane forplikta til å vere med å skape ei god grunnskule, og ikkje berre stå på utsida og kritisere kva som blir gjort, seier Krogsæter.

Møter fordommar
Som ordførarar opplever dei ofte å bli møtt med fordommar av næringslivsfolk.

– Det dreiar seg gjerne om at ting går tregt, at det er mykje byråkrati og at vi ikkje skjønar oss på næringslivet. Kanskje har det blitt litt mindre slikt i det siste, og eg håpar at næringslivet kan tenke litt nytt i møte med oss, seier Aurdal.

– Eg opplever at næringslivet ofte har litt problem med å forstå dei offentlege prosessane og kvifor ting tek tid. Ved å invitere dei til samarbeid, kan vi kanskje unngå at dei blir utolmodige og misnøgde med kommunen, seier Krogsæter.

Den avtroppande Haram-ordføraren peiker på utvikling av næringstomter som eit døme. I hans kommune har dei hatt eit ønske om å gjere klart betydeleg nytt areal, mens fylkesmannen då påpeiker at det strider mot nasjonale retningslinjer.

– Om vi argumenterer godt, trur eg vi skal greie å skaffe nok næringsareal, men det er eit døme på at ulike interesser som spelar inn – men der kommunen faktisk forsøker å få til ting, seier Krogsæter.

Les også: Varslar gulrot og pisk for næringslivet

Har sakna merksemd om verdiskaping i valkampen

Skeptisk til næringsutviklings-arbeidet i nye Ålesund


Vi må forplikte oss meir til kvarandre for å utvikle samfunnet kring oss

Publisert: 16.09.2019 05:56

Sist oppdatert: 28.03.2023 16:42