Roger Halsebakk Bjørn Inge Fureli Rederikonferansen 2021 foto ogne
TIDLEGARE SØLVTRANS-SJEF: Pensjonsstriden med dei Sølvtrans-tilsette strekk seg tilbake til då Roger Halsebakk (t.v.) leia selskapet. Nå har sonen Robin Halsebakk teke over. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Saksøkjer Sølvtrans

Tilsette meiner dei har fått for låge pensjonsinnbetalingar.

19.09.2023

NPK-NTB/NETT NO: Tilsette i reiarlaget Sølvtrans fryktar dei har fått til saman fleire millionar kroner for lite i pensjonsinnbetalingar sidan 2006. No tek dei saka til retten.

Sølvtrans avviser kravet og meiner det har halde seg til reglane.

Til saman kan det vere snakk om mange millionar kroner som har late vente på seg for dei tilsette i ein periode som strekkjer seg tilbake til 2006, skriv FriFagbevegelse.

Fleire tilsette i ålesundreiarlaget har varsla sjømannsorganisasjonane, som har bestemt seg for å gå til gruppesøksmål på vegner av medlemmene sine.

Strid om pensjonsgrunnlag
Søksmålet går mellom anna ut på at faste lønnstillegg ikkje har vore ein del av pensjonsgrunnlaget.

Reiarlaget avviser at dei har gjort noko lovstridig og meiner pensjonsordninga alltid har oppfylt minstekrava i lova om obligatorisk tenestepensjon, som vart innført i 2006.

Sølvtrans driv med frakt av oppdrettsfisk og smolt, og reiarlaget hadde ved slutten av fjoråret 33 skip og rundt 450 tilsette.

NETT NO har førebels ikkje lukkast å få kontakt med kommunikasjonsansvarleg i Sølvtrans, Harald Tom Nesvik.

Lettmatros reagerte
Det var ein lettmatros som først reagerte på pensjonen som var innbetalt av Sølvtrans Rederi, skriv Fri Fagbevegelse.

Etter fleire varsel og undersøkjingar har Norsk Sjømannsforbund og Norsk Sjøoffisersforbund gått til gruppesøksmål på vegne av sine medlemmar og andre sjøfolk som har vore tilknyttet Sølvtrans.

Søksmålet går blant annet ut på at faste lønstillegg ikkje har vært en del av pensjonsgrunnlaget.

Sjøfolka viser til at i Rederiforbundets pensjonsordning beregnes det med faste tillegg, medan Sølvtrans, som er medlem av Kystrederiene, ikkjer gjer dette. Det utgjør enorm skilnad, skriv Fri Fagbevegelse.

«Det er klare holdepunkter for at Sølvtrans’ tilleggspensjonsordning ikke oppfyller kravene til OTP-loven», skriv LO-advokat og prosessfullmektig Imran Haider i stevningen til Møre og Romsdal tingrett.

Der er Sølvtrans ikkje samd i. Reiarlaget avviser krave og meiner det ikkje har gjort noko lovstridig og meiner også kravet er forelda.

Publisert: 19.09.2023 14:56

Sist oppdatert: 20.09.2023 01:09

Mer om