NPK-NTB: I alt vart det selt 142.381 nye personbilar i Noreg i 2019. Det er ein nedgang på 3,8 prosent frå 2018, viser tal Opplysningsrådet for Veitrafikken har samla inn.
Av dei nye bilane som vart selde, var 60.316 elektriske bilar, noko som er ein auke på 30,9 prosent frå året før. Med det var 42,4 prosent av alle dei nye bilane som vart selde i fjor elektriske.
– Elbilsalet vart omtrent som venta, basert på kva som finst av tilgjengelege merke og modellar. Men no, i 2020 og framover, kjem det eit mykje breiare utval av bilar som både har lengre rekkevidd, er større og i overkommelege prisklassar for folk flest. Derfor trur vi at elbildelen vil bli endå høgare i 2020 enn i 2019, seier Solberg Thorsen i ei pressemelding.
Det var òg ein elektrisk bil som vart Noregs mest selde modell i fjor. Tesla Model 3 selde 15.683 eksemplar, følgt av Volkswagen Golf med 10.025 bilar.
Volkswagen vart likevel det mest selde bilmerket i Noreg i 2018 med til saman 18.949 nye personbilar i Noreg. Her kom Tesla på andreplass med 18.798 selde bilar.
– At bensinbilsalet prosentvis sokk meir enn for dieselbilar, kjem mellom anna av at mange av bensinbilane er små bilar og for desse finst det no mange heil- eller delelektriske alternativ. Dieselbilane er gjerne større, kraftigare og romslegare familiebilar som fleire ønsker seg. Dette blir òg spegla i salet av store elbilar, seier Solberg Thorsen.
Av dei nye bilane som vart selde, var 60.316 elektriske bilar, noko som er ein auke på 30,9 prosent frå året før. Med det var 42,4 prosent av alle dei nye bilane som vart selde i fjor elektriske.
Tesla Model 3 vart mest seld
Direktør Øyvind Solberg Thorsen i Opplysningsrådet for Veitrafikken er ikkje overraska over den store auken.– Elbilsalet vart omtrent som venta, basert på kva som finst av tilgjengelege merke og modellar. Men no, i 2020 og framover, kjem det eit mykje breiare utval av bilar som både har lengre rekkevidd, er større og i overkommelege prisklassar for folk flest. Derfor trur vi at elbildelen vil bli endå høgare i 2020 enn i 2019, seier Solberg Thorsen i ei pressemelding.
Det var òg ein elektrisk bil som vart Noregs mest selde modell i fjor. Tesla Model 3 selde 15.683 eksemplar, følgt av Volkswagen Golf med 10.025 bilar.
Volkswagen vart likevel det mest selde bilmerket i Noreg i 2018 med til saman 18.949 nye personbilar i Noreg. Her kom Tesla på andreplass med 18.798 selde bilar.
Kraftig fall for bensinbilar
Salet av bensinbilar fell omtrent like mykje som salet av elektriske bilar aukar. I fjor vart det selt 22.354 bensinbilar, som er 31,4 prosent færre enn i 2018. For dieselbilar vart det eit lågare fall på 13,1 prosent.– At bensinbilsalet prosentvis sokk meir enn for dieselbilar, kjem mellom anna av at mange av bensinbilane er små bilar og for desse finst det no mange heil- eller delelektriske alternativ. Dieselbilane er gjerne større, kraftigare og romslegare familiebilar som fleire ønsker seg. Dette blir òg spegla i salet av store elbilar, seier Solberg Thorsen.
Publisert: 03.01.2020 13:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49






