Håkon Andre Berg og Tore A Tønseth ringer børshandelen i gang Salmon Evolution børsnotert
KURSHOPP: Aksjekursen i Salmon Evolution stig nesten åtte prosent i dag, etter at selskapet kunngjorde avtale om å vere medeigar i eit landbasert oppdretssanlegg som skal byggast i korea. Biletet viser markeringa av at Salmon Evolution blei børsnotert i fjor.
Nytt

Salmon Evolution-avtale i Korea

Skal bygge landbasert oppdrettsanlegg med koreansk partnar.

26.02.2021

I fjor gjekk det sør-koreanske sjømatselskapet Dongwon Industries inn som medeigar i Salmon Evolution, som bygger eit landbasert oppdrettsanlegg ved Bud i Romsdal.

Poenget med eigarskapet var mellom anna eit samarbeid om eit mogleg landbasert anlegg i Korea.

No har Dongwon Industries og Salmon Evolution etablert eit felles selskap - K-Smart - for å bygge anlegget, i følgje ei børsmelding.

Les børsmeldinga her

Sjå presentasjonen av avtalen og planane her

Joint venture
Dei to skal eige selskapet 51/49 og planlegg byggestart i 2022 og produksjonstart i 2024.

Første byggesteg for anlegget i Korea skal koste 1,6 milliardar kroner. Det skal byggast ut i to steg, kvart med ein produksjonskapasitet på 10.000 tonn laks i året.

Salmon Evolution Korea Berg foto Salmon Evolution
TOMT: Salmon Evolution-sjef Håkon André Berg og finansdirektør Yun Ki Yun i Dongwon Industries på tomta i Sør-Korea der anlegget skal byggast. Havet er bak gjerdet i bakgrunnen.

Stort anlegg
Det planlagde anlegget i Sør-Korea blir stort, også i norsk samanheng, sjølv om Salmon Evolution sitt eige anlegg i Noreg blir større.

Salmon Evolution sitt anlegg ved Bud skal til samanlikning kunne produserer 36.000 tonn laks i året når det er fullt utbygd.

Planen er å bygge fleire anlegg, både i Noreg og andre land.

– Dette er berre første byggetrinn på første anlegg. Vi ser på fleire konkrete anlegg både i Noreg og i utlandet, sa styreleiar Tore Tønseth til NETT NO då Salmon Evolution markert byggestart på anlegget sitt ved Bud.

Børshopp
Avtalen blei godt mottatt i aksjemarknaden i dag.

Klokka 11:02 er kursen 6,65 kroner per aksje, opp 3,9 prosent samanlikna med sluttkurs i går. Klokka 09:24 i dag var kursen oppe i 7,10 kroner per aksje.

Salmon Evolution ble tatt opp til notering på Oslo Børs i september, med fleire investorar frå Nordvestlandet på eigarsida.

Første børsdag var kursen 7,50 kroner per aksje. Deretter fall den ned til 5,06 kroner per aksje 28. oktober fram til ein ny topp på 7,56 kroner per aksje 12. januar i år.

Halsebakk-familiens investeringselskap er største aksjonær, med 11,4 prosent. Også brønnbåtreiar Odd Einar Sandøy er medeigar med 5,5 prosent gjennom sitt selskap Rofisk.


Publisert: 26.02.2021 09:43

Sist oppdatert: 11.03.2021 09:08

Mer om