Samarbeider om fiber
FIBER: Tussa og Eninvest skal samarbeide om fiberløysingar, her Tussatun i Ørsta.
Nytt

Samarbeider om fiber

Tussa og Eninvest har inngått avtale om ytterlegare samarbeid på fiber.

17.03.2014
Dette opplyser Tussa i ei pressemelding måndag.
Selskapet opplyser at kontrakten er inngått for at Tussa og Eninvest skal få redundans (overlapping, red. merk) i område der dei ikkje har det frå før.
Tussa og Enivest har også samarbeidd tidlegare og er difor knytte saman med fiber. Den nye avtalen sikrar redundans over fiber, det vil seie tosidig innmating, for området Fiskå – Åheim for Tussa og området Måløy – Selje for Enivest.

Samfunnskritisk infrastruktur

Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT, seier i pressemeldinga seg godt fornøgd med avtalen. Han poengterer at dette er ei positiv vidareutvikling av den etablerte infrastrukturen og at det vil sikre kvaliteten på produkta som Tussa tilbyr over fiber.
- Både Enivest og Tussa har ein samfunnskritisk infrastruktur. Difor er det interessant å samarbeide for å betre kvaliteten på tenestene.
- Målet med avtalen er å optimalisere bruken av vår eigen infrastruktur, redusere kostnader og oppnå auka leveringstryggleik, seier Nandor Helgheim, adm. direktør i Enivest AS.
Avtalen gjeld i første omgang for fem år, og sikrar redundant leveranse Tussa + av tenester i selskapa sine område, utveksling av TV-signal frå Get, utveksling av bedriftsaksessar og mogleg samarbeid om kjøp av internettkapasitet.
 Målet med avtalen er å optimalisere bruken av vår eigen infrastruktur

Publisert: 17.03.2014 12:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31