Foto 2 Jens Berge og Dag Nikolai Ryste
Jens Berge (t.v) i Norwegian Hydrogen og Dag Nikolai Ryste i Glocal Green. Foto: Norwegian Hydrogen/Green Glocal
Nytt

Samarbeidsavtale om biometanol

To selskap med adresse i Ålesund skal blande metanol og hydrogen.

21.03.2022

Norwegian Hydrogen og Glocal Green har inngått ein samarbeidsavtale, fortel dei i ei pressemelding.

Begge er etablert i 2020, Norwegian Hydrogen for å produserer og levere hydrogen, Glocal Green for å produsere metanol av biologisk avfall og industrielt restråstoff.

Ved å blande hydrogen i metanolen blir det eit meir energirikt drivstoff, og det er det dei to selskapa skal samarbeide om.

Fabrikk på Hellesylt
Norwegian Hydrogen skal etablere sitt første hydrogenproduksjonsanlegg på Hellesylt neste år, og har planar om fleire anlegg rundt om i landet.

Glocal Green planlegg sitt første produksjonsanlegg for metanol på Øyer, nord for Lilllehammer, gjennom datterselskapet Glocal Green Innlandet. Målet er at Norwegian Hydrogen kan plassere eit hydrogenproduksjonsanlegg i nærleiken.

Flakk Gruppen
Dag Nikolai Ryste er dagleg leiar i Green Glocal. Han, broren Peder Eilev Gjærde Ryste, og fire andre familemedlemer er medeigarar gjennom selskapet Generation Energy. Dei andre eigarane er Trond Ivar Karlstad og Johannes Terje Håskjold.

Norwegian Hydrogen har fem aksjonærar, Flakk-familiens Flakk Gruppen, Hexagon Purus (der Flakk-familien er stor indirekte aksjonær), Tafjord Kraftproduksjon, Tryggestad Eiendom og Finans, Hofseth Aqua og Jan Arild Roppens selskap Astanel.

Publisert: 21.03.2022 09:46

Sist oppdatert: 21.03.2022 11:10

Mer om