Rognes blir ferdig med bachleorgraden ved shipping management-studiet på NTNU Ålesund til våren og er i gang med å sjå etter jobb, med arbeid i eit reiarlag høgt på ønskelista.
Nordvestlandet er eit alternativ, seier han, og besøket på rekrutteringsarrangementet «Sea the Future, Career Conference 2025» i Fosnavåg i dag er eit høve til å bli kjent med potensielle arbeidsgivarar.
Fiskdal går første året av det same studiet, og brukar arrangementet som eit høve til å bygge nettverk og bli kjent med næringslivet i regionen.
Tre gangar større
Dette er andre år på rad der fleire maritime bedrifter på Nordvestlandet har gått saman om eit rekrutteringsarrangementet retta mot maritime studentar.
I fjor var 50 masterstudentar frå marin teknikk-studiet i Trondheim med. Tilbakemeldingane etter fjorårets arrangement var så gode at det vart bestemt å gjenta arrangementet i år - og satse større.
I år er også omlag 100 studentar frå NTNU i Ålesund med. 12 bedrifter er representer med stand, og fleire toppleiarar frå selskapa har halde presentasjonar.
– Dette er ei fantastisk moglegheit for å vise fram vårt næringsliv og vår klynge, sa Frank-Levi Kvalsund til Nett No tidlegare i mars. Kvalsund er HR-direktør i Hav Group.

Krevande
Mannskapssjef Kristin V. Kolgrov representerer tre reiarlag på konferansen og det to dagar lange arrangementet; Havila Shipping, Havila Subsea & Renewabale og Havila Kystruten.
Eit spennande høve til å møte studentar og potensielle tilsette er hennar vurdering av arrangementet.
Ho er ute etter fleire tilsett og karakteriserer rekrutteringssituasjonen som "krevande", spesielt når det gjeld maskin sjefar, nautikktudanna og skipselektrikarar.
Dagleg leiar Torunn Lied Giske i Maritim topplæringkontor rosar arrangementet:
– Det er veldig positivt for studentane å få møte næringslivet ansikt til ansikt, seier Lied Giske.
Publisert: 21.03.2025 12:26
Sist oppdatert: 21.03.2025 13:47






