Omlag 150 NTNU-studentar i maritime fag, frå Trondheim og Ålesund, besøkjer maritime bedrifter på Nordvestlandet torsdag 20. og fredag 21. mars.
Det er andre år på rad fleire maritime bedrifter går saman om rekrutteringsarrangementet.
I fjor var 50 masterstudentar frå marin teknikk-studiet i Trondheim med. Tilbakemeldingane etter fjorårets arrangement var så gode at det vart bestemt å gjenta arrangementet i år - og satse større.
No er også omlag 100 studentar frå NTNU i Ålesund med.
– Dette er ei fantastisk moglegheit for å vise fram vårt næringsliv og vår klynge, seier Frank-Levi Kvalsund, ein av initiativtakarane til rekrutteringsarrangementet. Kvalsund er HR-direktør i Hav Group.
Møter toppleiarar
Studentane frå Trondheim reiser med Havila Kystruten til Molde og besøkjer Brunvoll torsdagen, før dei dreg vidare til Ulstein Group i Ulsteinvik.
Fredag møtes alle til ein heildagskonferanse i Fosnavåg - «Sea the Future, Career Conference 2025».
Der skal mellom anna bedriftene bak arrangementet presenterer seg, og det blir høve til å direkte møte mellom studentar og representantar frå bedriftene.
Fleire av bedriftene stiller med toppleiarane på konferansen.
Bedriftene betalar
I tillegg til Brunvoll- og Ulstein Group-konsernet er DNV, Havila Kystruten, Havila Shipping, Hav Group, Marin Teknikk, MMC First Process, Olympic Subsea, Rem Offshore og Vard, med å finansierer arrangementet. Herøy kommune og Thon Hotel Fosnavåg er óg bidragsytar.
Studentane får dekt både reise og opphald.
– Den maritime næringa på Sunnmøre lever etter prinsippet «samarbeid når du kan, og konkurrer når du må». At vi i fellesskap kan samarbeide både for å behalde dei som alt er i regionen, og for å tiltrekkje oss kvalifisert arbeidskraft til Sunnmøre, er ei styrke for den maritime klynga vår, seier Kvalsund i ei pressemelding.
Publisert: 13.03.2025 09:16
Sist oppdatert: 14.03.2025 15:41