Satsar 1 3 milliardar paa nytt Ulstein skip
FEIRING: Kontraktskake for salssjef Trond Skodjevåg Bø og innreiingsingeniør Marita Egset Bjerkvik ved Ulstein Verft.
Nytt

Satsar 1,3 milliardar på nytt Ulstein-skip

Konsernsjef Sven Lindblad har bestemt seg for at han vil ha skip med X-bow. Det kan bety fleire Ulstein-kontraktar.

28.02.2019
– Ja, Lindblad var klar på dette, noko som gjorde at Ulstein kom tidleg inn i planlegginga av desse skipa.
Det seier salssjef Trond Skodjevåg Bø ved Ulstein Verft etter at verftet har sikra seg den andre nybygggingskontrakten med New York-baserte Lindblad Expeditions Holding.
Han opplyser at verftet har hatt kontrakt med cruiseselskapet sidan 2016.
– Vi har lenge håpt at det skal verte ein kontrakt nummer to. I dag er vi glade for at vi er i mål, seier Bø.

Økonomisk fordel med nr. to

Verftsdirektør Kristian Sætre håper det vert fleire kontraktar med Lindblad.
– Ja, dette er ein god kunde for oss.
Han seier at økonomisk er ein det ein stor fordel for verftet å få kontrakt nummer to.
– Der er alltid ein del ekstra kostnader til det første skipet, og vi forventar at vi skal klare å byggje nummer to billegare enn det første.

– Snittpris på 1000 dollar døgnet

Skodjevåg Bø seier at det vert satsa på høg kvalitet over alt på skipa til Lindblad Expeditions, der selskapet samarbeider tett med National Geographic.
– Dette er eksklusive cruise. Snittprisen ligg på 1.000 dollar døgnet per person.
– Men då for ein også svært mykje ut av pengane.

Les også:


Rundt 1,3 milliardar

Skip nummer ein til Lindblad skal leverast frå Ulstein verft i andre kvartal neste år, medan skip nummer to skal leverast i tredje kvartal 2021.
Partane har ikkje opplyst prisen på skipet, men ifølgje ordreboka til Seatrade kostar det første Ulstein-skipet 135 millionar USD, nær 1,2 milliardar kroner.
Ifølgje finansdirektør Craig Felenstein i Lindblad kostar skip nummer to 10 prosent meir enn 'National Geographic Endurance.' Det skriv .

Kan ta endå større skip

Skroga til begge skipa vert bygd ved det polske Christ-verftet.
– Med denne kontrakten har vi godt med arbeid ut 2021, seier Sætre.
Lindblad-skipet er 126 meter langt og 21 meter breidt.
- Ein perfekt størrelse for oss, men vi kan også ta endå litt større skip, seier Sætre.

Bryr seg om planeten

Lindblad Expeditions Holdings, Inc. er eit selskap som tilbyr ekspedisjonsreiser, og samarbeider med National Geographic for å inspirere folk til å utforske og bry seg om planeten.
Gjennom dette samarbeidet vert det laga marine ekspedisjonsprogram som skal fremje naturvern og berekraftig turisme.
Reisene er pedagogisk orienterte, der gjestane får møte og lære av leiande forskarar, samtidig som dei utforskar fantastiske naturmiljø både over og under sjøen ved bruk av toppmoderne ekspedisjonsmateriell.

Les også:



Med denne kontrakten har vi godt med arbeid ut 2021

Publisert: 28.02.2019 22:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31