Investorsamarbeid med 100 millionar i ryggen
Seks investormiljø på Vestlandet går saman for å løfte fram nye idear og selskap.
Ideen som har ført fram til samarbeidet er klekt ut i Måløy, etter at dei lokale grunnleggarane selde seg ut av av Lefdal Mine Datacenter i 2020.
Selskapet Localhost Holding, som nyleg har skifta namn til Vyrd, eigde direkte og indirekte 27,8 prosent av datasenteret, og fekk mange millionar inn på konto.
Vyrd-styret sette av 20 millionar kroner til å bygge opp eit investeringselskap som skulle ha 100 millionar kroner i ryggen.
Det initiativet førte til etablering av samarbeidet mellom dei seks investeringsmiljøa, som dagleg leiar Sindre Kvalheim i Vyrd presenterer på Kapitaldagen i Førde i dag.
Samarbeidet betyr mellom anna at partnarane kan utnytte at dei har ulikt nettverk, ulik kunnskap og ulike satsingsområde, samstundes som dei i fellesskap har større investeringsevne.
Byggje nye selskap
- Localhost Holding (no Vyrd) ønskjer å vere ein motor for å bygge nye selskap, sa Sindre Kvalheim i NETT NO-magasinet hausten 2020.
Han meiner historia til Localhost-miljøet viser at det har lukkast med investeringane som er gjort i teknologiselskap.
- Det er investert 700 millionar kroner og skapt verdiar for minst 1,3 milliardar kroner, sa Kvalheim.
NETT NO skreiv om planane i NETT NO-magasinet hausten 2020. Les magasinet her.
Carlson og Skibenes
Største aksjonær i Vyrd er Måløy Eiendomsutvikling (23,3 prosent), som er eigd 50/50 av Gunnar Carlsons selskap Brothers og Svein og Kristian Skibenes (far og son) sitt selskap Skibenes & Søn.
Sindre Kvalheim, Vidar Furnes, Rune Mykletun og Vidar Saltkjel eig tilsaman rundt 35 prosent av aksjane. Dei etablerer programvare- og systemutviklingsselskapet i Localhost i 2008, med drahjelp frå nettopp Carlson.
Les også
Frå Stavanger til Måløy
Dette er Vyrd sine partnarane i investor-samarbeidet:
Momentum Partners i Bergen. Forvaltar to investeringsfond og er mellom anna investor i selskapet Nofence i Møre og Romsdal. Nofence lagar halsband som gir husdyr signal om når dei nærmar seg grensene for kvar dei skal vere. Grensen er trekt opp på eit digitalt kart, og kan endrast av husdyreigaren når som helst.
Farvatn i Bergen. Familieigd investeringsselskap med Kristin og Johan Odvar Odfjell i spissen. Gjer eigne investeringar og er også største aksjonær i Momentum Partners.
Codee Holding på Sandane. Eigd av Jesper Melin Ganc-Pedersen, grunnleggar og største aksjonær av selskapet Convene, som lagar betalingsautomatar som folk flest kjenner frå legesenter.
Link Venture Captial i Stavanger. Forvaltningselskap som har spesialsiert seg på teknologibedrifter.
Gefyl Invest i Bergen. Eigd av Jannicke Allers, rådgivar i investor og gründermiljøet i Bergen.
Publisert: 15.09.2021 12:00
Sist oppdatert: 15.09.2021 15:05