Satsar 4 5 millionar paa Nordoeyvegen
SATSAR: Kjell Norvoll i Nogva Motorfabrikk flyttar deler av produksjonen frå fastlandet til Haramsøya.
Nytt

Satsar 4,5 millionar på Nordøyvegen

Kjell Norvoll i Nogva Motorfabrikk trur så sterkt på Nordøyvegen at han har kjøpt fabrikk på Haramsøya.

21.08.2015
- Vi har stolpetru på at Nordøyvegen skal kome, seier Kjell Norvoll.
Trua på at det blir noko av vegen som skal knyte saman fastlandet og øyane i Haram kommune gjorde utslaget då Norvoll gjorde si siste investering, eit fråflytta fabrikkbygg på Haramsøya.
Norvoll er dagleg leiar og medeigar i Nogva Motorfabrikk, og denne veka har han drive kundefiske på Aqua Nor-messa i Trondheim.
Sal til oppdrettsnæringa utgjer omlag 40-50 prosent av nysalet for konsernet, anslår Norvoll. Det skjermar den 102 år gamle, familieeigde verksemda, delvis mot verknaden av oljeprisfallet. Så langt ser det ut til at 2015 blir like bra som i fjor.
-Det ser i grunnen ikkje så verst ut. Vi har hatt mange gode år, og fjoråret var ikkje noko unntak, seier Norvoill.

Kjøpte frå Flakk

Etter at Flakkfamiliens vindusprodusent H-Produkter la ned produksjonen på Haramsøya og samla alt på Stette, sat Knut Flakk med ein tom fabrikk på rundt 3000 kvadratmeter.

Då kom Norvoll inn i biletet, og etter ei kort forhandling enda prisen på 4,5 millionar kroner.
Nogva Motorfabrikk skal flytte produksjonen som i dag foregår på anlegget på Grytastranda i Haram og ut til Haramsøya i same kommune. Grunnen er høg aktivitet og plassmangel på Grytastranda. Nesten heile arbeidsstokken på 26 på Grytastranda har sagt ja til å bli med på flyttelasset. Dei tek med seg dagens produksjon og vil og bli ein maskineringsverkstad for heile konsernet.

Trur på start i 2016/2017

Får Norvoll innfridd sine forventningar blir det byggjestart på Nordøyvegen allereie i 2016 eller 2017. Vegen skal binde saman øyane og fastlandet i Haram. Den vil gjere det råd for Norvoll og dei tilsette i selskapet å køyre mellom hovudkontoret og fabrikken i Søvika og den nye fabrikken på Haramsøya på eit kvarters tid.

Konsernet er og i ferd med å byggje nytt kantinebygg og større monteringshall og testhall i Søvika. Til saman anslår Norvoll at konsernet investerer rundt 60 millionar kroner i fabrikkbygg og kantinebygg i år.
Fabrikkbygget på Grytastranda skal behaldast. Målet er å få inn ny aktivitet, men Norvoll vil førebels ikkje seie kva det er snakk om.

Satsar i Noreg

Nogva Motorfabrikk forhandlar og byggjer om motorar, byggjer eigne gir, propellar, aggregat, hydrauliske sylindrar og kraftblokkar. Konsernet har rundt 90 tilsette, og satsar i Noreg.
- Det skal forsatt vere liv laga for maritim utstyrsindustri i Noreg. I staden for å flytte ut ekspanderer vi i Noreg, seier Norvoll.


Vi har hatt mange gode år, og fjoråret var ikkje noko unntak

Publisert: 21.08.2015 11:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46