Vindusprodusenten på Almenningen i Nordfjord gjekk frå overskot til underskot i 2014 (sjå tabell). Sidan toppåret 2012, med 117 millionar kroner i driftsinntekter, fall salet både i 2013 og 2014.
- Marknaden i bransjen vår er vanskeleg. Viss du kikar på våre konkurrentar så leverer dei fleste minustal, seier økonomisjef Per Jarle Mathisen.
Verksemda opna i fjor kontor i Skottland, med ansvar for salet i Storbritannia. Målet er mellom anna bli mindre av avhengig av den norske marknaden.
I fjor selde Nordvestvinduet for 1,5 millionar kroner i Storbritannia, og budsjetter med sju millionar kroner i år. Mathisen vil ikkje talfeste kor stor andel av driftsinntektene som kjem frå den britiske marknaden om fem år, men seier selskapet vonar salet i Storbritannia vil gi "eit viktig bidrag".
Valutakursendringar har gjort det lettare for norsk industri, men sidan norske produsentar importerer deler frå utlandet får dei ikkje full effekt av valutakursendringane.
Mathisen trur konkurransen framleis vil vere tøff. Svaret for å klare seg er mellom anna å ta i bruk robotisering og automatisering i produksjonen.
- Det er fullt mogleg å tene pengar i denne bransjen, seier han.
- Marknaden i bransjen vår er vanskeleg. Viss du kikar på våre konkurrentar så leverer dei fleste minustal, seier økonomisjef Per Jarle Mathisen.
Sel i Skottland
Den famlieeigde bedrifta har 75 tilsette, medrekna tilsette på salskontora i Molde, Kristiansund og Skottland. Etter det trasige fjoråret ser utvikling så langt ut til at selskapet skal klare å få eit overskot i 2015, i følgje Mathisen.Verksemda opna i fjor kontor i Skottland, med ansvar for salet i Storbritannia. Målet er mellom anna bli mindre av avhengig av den norske marknaden.
I fjor selde Nordvestvinduet for 1,5 millionar kroner i Storbritannia, og budsjetter med sju millionar kroner i år. Mathisen vil ikkje talfeste kor stor andel av driftsinntektene som kjem frå den britiske marknaden om fem år, men seier selskapet vonar salet i Storbritannia vil gi "eit viktig bidrag".
Tøff konkurranse
Utanlandske aktørar har vore med på å gjere konkurransen tøffare i den norske vindusmarknaden.Valutakursendringar har gjort det lettare for norsk industri, men sidan norske produsentar importerer deler frå utlandet får dei ikkje full effekt av valutakursendringane.
Mathisen trur konkurransen framleis vil vere tøff. Svaret for å klare seg er mellom anna å ta i bruk robotisering og automatisering i produksjonen.
- Det er fullt mogleg å tene pengar i denne bransjen, seier han.
Det er fullt mogleg å tene pengar i denne bransjen
Publisert: 10.06.2015 09:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44