Satsar i utlandet etter rekordår
Maritimt konsulent- og rådgivingselskap på Nordvestlandet opnar kontor i Rotterdam.
Boatlabs har meir enn dobla driftsinntektene på to år.
No er dei på jakt etter folk til eit nytt kontor i Rotterdam i Nederland og i Bergen/Stavanger-området. Rådgivarselskapet er klare for å ekspandere inn i Nederland og Nord-Europa, skriv Boatlabs på si eiga nettside.
Boatlabs har både reiarar, verft, oljeselskap, offshoreoperatørar og utstyrsleverandørar i maritim- og energibransjen på kundelista.
Satsa på digitale løysingar
I 2018 skreiv NETT NO at Boatlabs hadde investert 12 millionar kroner i løpet at to-tre år for å utvikle digitale løysingar for sjekklister, inspeksjoner og årlige kontroller av skip og rigger.
– For fire-fem år sidan sette vi oss ned og tenkte på korleis kvardagen ville kunne sjå ut om fem-ti år og korleis vi kunne møte den digitale framtida. Spørsmålet vi stilte oss då var: «Kva kan vi gjere for å digitalisere oppgavene og tenestene vi tilbyr, slik at kundane kan få ein enklere kvardag, spare mykje papir- og administrasjonsarbeid og samtidig sparer store kostnadar», sa gründer og hovedaksjonær Eldar Holm.
Etablert i 2007
Eldar Holm etablerte selskapet Boatlabs i 2007. Selskapet er registrert i Ulsteinvik, men har sin daglege hovudaktivitet i Ålesund. Boatlabs har datterselskapet i Storbritannia og USA og samarbeidspartnarar i Nigeria.
Holm eig direkte og indirekte til saman 80 prosent av selskapet, og Jens Erik Urke resten.
NETT NO har ikkje lukkast å få ein kommentar frå selskapet måndag.
Boatlabs As | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 28,1 | 18,3 |
Driftsresultat | 5,3 | 3,0 |
Resultat før skatt | 5,2 | 2,7 |
Publisert: 19.02.2024 12:41
Sist oppdatert: 19.02.2024 17:17