Måløy Vekst hadde si første rekrutteringssamling i Ålesund i 2023. Det gav meirsmak. Tysdag kveld 14. oktober ventar Måløy Vekst at 50-60 personar vil kome innom Pir-bygget i Ålesund og møte bedrifter i Måløyområdet på jakt etter folk.
Desse bedriftene stiller på arrangementet: Local Host, Paneda, Coast Seafood, Mowi og UNI. I tllegg er også Kinn kommune med.
– Fleire bedrifter fortel at dei har fått kontakt med aktuelle kandidater gjennom desse treffa, både til faste stillingar og sommarjobbar, fortel Seline Larsen i Måløy Vekst.
Samlar studentar
Måløy Vekst arrangere slike treff to til tre gangar i året i studentbyane Bergen, Ålesund og Trondheim og har i tillegg Juletreffet i Måløy i desember.
I tillegg til å vere direkte rekrutteringsarrangement er poenget for Måløy Vekst også å bygge relasjonar og skape interesse som kjem regionen til gode seinare, ifølgje Larsen.
Publisert: 08.10.2025 11:44
Sist oppdatert: 08.10.2025 11:44






