Satsar paa fiskeriavklaring
TALARSTOL: Fiskebåt har etablert Oslo som fast møteplass for årsmøta sine. I 2015 var statsminister Erna Solberg hovudtalar på årsmøtet, og i år skal ho stå på talarstolen for andre gang. 
Nytt

Satsar på fiskeriavklaring

Fiskebåt får både statsminister Erna Solberg og fiskeriminister Per Sandberg som innleiarar på årsmøtet i februar.

16.01.2017
Det er andre gang Solberg stiller opp på årsmøte i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen til eigarane av den havgåande fiskeflåten. Solberg skal mellom anna snakke om konsekvensen av det såkalla grøne skiftet og vil også delta i ein spørsmål- og kommentarrunde med deltakarane i salen.
Fiskebåt har etablert Oslo som fast møteplass for årsmøta sine, og satsar å trekkje til seg topp-politikarar til møtet.
- Det har blitt den viktigaste møteplassen for den norske fiskerinæringa og norske styresmakter. Det set ofte dagsorden for den politiske debatten, seier administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt.

Politiske signal

Årets årsmøte er 15. og 16. februar, og Fiskebåt har sett av storparten av første dag til fiskeripolitikk. Måråk håpar dagen vil gi medlemane ein peikepinn om kva omleggingar i fiskeripolitikken som er i kjømda.
Etter Solberg skal fiskeriminister Per Sandberg og stortingsrepresentant Ingrid Heggø frå Arbeidarpartiet på podiet. Dei skal både innleie og delta i diskusjon med salen. Saman med dei kjem også Arild Eidesen, førstelagmann i Hålogaland lagmannsrett, som har leia utvalet som før jul kom med framlegg til ei omlegging av regelverket for korleis fiskekovter er fordelt mellom fiskarane.
Regjeringa har ei rekkje framlegg til endringar i fiskeripolitikken under vurdering, mellom anna framlegga i rapporten frå Eidissen-utvalet.

Investeringar på vent

Det er viktig for investeringsviljen i fiskerinæringa å få ei avklaring om moglege endringar i fiskeripolitikken, meiner Maråk.
- Inntil vi har ei avklaring blir mykje sett på vent, seier han.
Så seint som under årsmøtet i Fiskebåt Vest, ein regionorganisasjon i Fiskebåt, i desember i fjor fekk regjeringa kritikk for at den har brukt lang tid på utgreiinga om endringar i fiskeeripolitikken.

Feil å rette kritikken berre mot regjeringa, sa Nofima-forskar Edgar Henriksen i eit intervju med NETT NO rett etter årskiftet. Han meiner det er beslutningsvergring hos politikarane på Stortinget som må bere størsteparten av ansvaret for at viktige avgjerder i fiskeripolitikken er blitt utsett.

Inntil vi har ei avklaring blir mykje sett på vent

Publisert: 16.01.2017 16:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05