Nytt
Satsar på nye skipskontraktar
Havyard-sjef Gunnar Larsen vil bygge fleire skip på verftet i Leirvik i Sogn.
05.05.2020
Med finansieringa på plass for bygging av alle seks skipa som Havyard har i ordre, kan selskapet på ny konkurrere om nye oppdrag.
- Det er ei forutsetning av vi skal fortsette å drive skipsbygging i Leirvik, seier Larsen.
Vidare drift i Leirvik skal skje i eit nytt datterselskap, New Havyard Ship Technology, som selskapet melde om i går. New Havyard Ship Technology tek over oppdraga etter Havyard Ship Technology, som er i gjeldsforhandlingar.
Det siste av dei seks skipa selskapet skal bygge skal etter planen leverast frå verftet neste sommar. Omlag 400 personar, eigne tilsette og frå underleverandørar, vil vere i sving på verft i storparten av denne perioden.
Avklaring om byggefinansiering gjer det lettare både å planlegge og konkurrere om nye oppdrag, ifølgje Larsen.
- Inntil vidare ser det ut som om det er grunnlag for å innleie akkordforhandlingar, seier Larsen.
Havyard Ship Technology søkte og fekk innleia gjeldsforhandlingar i starten av april i år.
Håvard Wiker i Ro Sommersnes er leiar for gjeldsforhandlingane.
I følgje kjennelsen om å opne gjeldsforhandlingar har Havyard Ship Technology til saman 91 millionar kroner i intern og ekstern gjeld, medan det er verdiar for omlag 10 millionar kroner på plukklageret og knappe fire millionar kroner på konto.
- Det er ei forutsetning av vi skal fortsette å drive skipsbygging i Leirvik, seier Larsen.
Vidare drift i Leirvik skal skje i eit nytt datterselskap, New Havyard Ship Technology, som selskapet melde om i går. New Havyard Ship Technology tek over oppdraga etter Havyard Ship Technology, som er i gjeldsforhandlingar.
Det siste av dei seks skipa selskapet skal bygge skal etter planen leverast frå verftet neste sommar. Omlag 400 personar, eigne tilsette og frå underleverandørar, vil vere i sving på verft i storparten av denne perioden.
Lettare etter avklaring
Går det som Larsen vil blir det drift etterpå også, både med nybygg og med ombyggingar og vedlikehald/reparasjonar.Avklaring om byggefinansiering gjer det lettare både å planlegge og konkurrere om nye oppdrag, ifølgje Larsen.
Gjeldsforhandlingar
Finansiering av bygging av skipa er på plass er også eit steg på vegen i gjeldsforhandlingane i Havyard Ship Technology.- Inntil vidare ser det ut som om det er grunnlag for å innleie akkordforhandlingar, seier Larsen.
Havyard Ship Technology søkte og fekk innleia gjeldsforhandlingar i starten av april i år.
Håvard Wiker i Ro Sommersnes er leiar for gjeldsforhandlingane.
I følgje kjennelsen om å opne gjeldsforhandlingar har Havyard Ship Technology til saman 91 millionar kroner i intern og ekstern gjeld, medan det er verdiar for omlag 10 millionar kroner på plukklageret og knappe fire millionar kroner på konto.
Publisert: 05.05.2020 15:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56