Satsar stort paa lyse tider
OPTIMISTAR: Martin t.v. og Gunnar Leinebø saqtsar 18 mill. kroner på ny storsjark og ser lyst på framtida.
Nytt

Satsar stort på lyse tider

Med ein eventyrleg torskemarknad i sikte, har Martin og Gunnar Leinebø satsa på ny storsjark til 18 millionar kroner.

Administrator
25.08.2016
-Her må det bli fisk på kvar ein krok, var ekspertkommentaren på kaia då nye Ventura tok land i fiskeribygda Leine for fyrste gong i ettermiddag.
-Ja, måtte det gå troll i ord, smiler Martin Leinebø frå skipperstolen i det uvanleg romslege og godt oversiktlege styrehuset på nybygget som erstattar den gamle storsjarken med same namn.

God plass og komfort

Plassen og oversikta i styrehuset er noko av det som imponerer mest på den 14,9 meter lange storsjarken som kom til Herøy i dag. Her er det også god salongplass til mannskapet på fire når dei i ledige stunder vil vere i lag.
Elles har karane kvar sin lugar med ein komfort som dei fleste sjarkfiskarar berre kan drøyme om.
- Det å ha ein plass for seg sjølv er viktig for trivselen, seier Leinebø, som med nyebåten kan tilby mannskapet sitt dei beste forholda også når dei er i arbeid.
Fullt overbygd med shelterdekk gjer at mannskapet kan stå trygt, og skjerma for vêr og vind, same om det er line eller garn som skal dragast.

Lengd som ein sjark

Ein skulle ikkje tru det er ein sjark vi er om bord i, men så er også lengda på under 15 meter det einaste som gjer at nye Ventura kan plasserast i sjarkgruppa.
Det er breidda på heile 6,9 meter som utgjer den store skilnaden frå gamlebåten dei kvitta seg med i mars i år. Den store breidda har også dobla lastekapaiteten i forhold til båten dei hadde.

Line og garn

-No får vi så godt med plass at vi også kan ha med oss 200 garn medan vi er fullt rigga for linedrift, fortell Leinebø.
Som på gamlebåten satsar han på linedrift mesteparten av året. Planen er å drage 20.000 krok i døgnet. Også det ein betydeleg auke frå tidlegare drift då dei på det meste drog 12-13.000 krok.

Bortsett frå vinterstida, kjem dei for det meste til å drifte her sør.
-Det gjorde vi tidlegare også, seier Leinebø, som meiner det er viktig å levere fisk til kjøparane som finst i området slik at ikkje fleire av dei forsinn.

18 millionar

For han betyr investeringa i ny båt ei satsinga på 18 millionar kroner. Denne satsinga gjer han saman med faren, Gunnar Leinebø, som eig den andre halvparten i reiarlaget.
Ei slik investering vitnar om fiskarar med god framtidstru, og det legg heller ikkje Martin og Gunnar Leinebø skjul på at dei har.

Lysare enn nokon gong

-Ein kjøpar på Senja eg snakka med her om dagen, meinte i alle fall han aldri har opplevd lysare marknadsutsikter enn no. Og det lovar godt, seier Martin som har ei torskekote på 245 tonn.
Årsaka til dei gode prisutsiktene, er ein stadig aukande ferskmarknad for torsk. Dermed går det mindre til salting, noko som er med på å presse prisane i veret.
Nye Ventura er bygd ved Mundal Båt på Radøy, og skulle eigentleg ha vore levert for snart tre månader sidan.
Ein kjøpar på Senja eg snakka med her om dagen, meinte han aldri har opplevd lysare marknadsutsikter enn no

Publisert: 25.08.2016 17:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59