Kjøparene av Remøy Shipping er det privateigde selskapet Zosco (Zamil Offshore Services Company) i Saudi-Arabia. Zosco driv ein flåte på over 120 offshorefartøy, jack up riggar, og hamnebåtar.
«Vi er veldig fornøyde med å ha kommet til enighet med en industriell operatør og investor av denne størrelsen. Vi vet at selskapet vårt, de ansatte på land og skip, og familiens arv, er i trygge hender med Zosco», skriv Remøy Shipping-eigarane Helene Remøy, Line Remøy Strømsvik, Joakim Remøy, og Daniel Joakim Andersen Remøy i ei pressemelding.
Dei eig Remøy Shipping gjennom selskapet Remøy Group.
– Gir ei sterkare plattform
Salet omfattar managementselskapet Remøy Shipping AS, Rem Stadt AS og RS Crewing AS. Managementselskapet driv åtte offshorefartøy, eitt av dei er eigd av Rem Stadt.
I pressemelding skriv eigarane at etter «grundig evaluering av fremtidige behov og strategiske muligheter, har de nåværende eierne konkludert med at et eierskifte er den beste løsningen for å sikre videre vekst og konkurransedyktighet».
Transaksjonen sikrar Remøy Shipping vidare drift, tilgang til ny kapital, og ei sterkare plattform for langsiktig utvikling, heiter det i pressemeldinga.
Fleire ville kjøpe
Dei fire eigarane hadde fleire interesserte kjøparar.
At valet fall på Zosco var på grunn av «finansiell styrke, industriell erfaring, og en langsiktig forpliktelse til sektoren», ifølgje pressemeldinga.
«Oppkjøpet av Remøy Shipping markerer et stort steg for Zosco når selskapet vårt vokser inn i det norske markedet», seier dagleg leiar Sufyan Al Zamil i Zosco i pressemeldinga.
Remøy Shipping vil drive vidare som i dag , og «med et videre fokus på vekst innenfor offshore energimarkedet støttet av nye allsidige eiere basert på den norske maritime klyngen», heiter det i meldinga.
Les også
Publisert: 11.12.2025 14:00
Sist oppdatert: 11.12.2025 14:09






