Saumrevolusjon i Sykkylven
AUTOMATISERING: Utviklarane Tor Ronny Gjelstenli og Terje Riksheim har laga ein arbeidsstasjon som automatiserer syjobben fire personar gjer i dag.
Nytt

Saumrevolusjon i Sykkylven

Ein robot som kan måle seg med ei sydame. Det var oppdraget. No er jobben snart gjort.

03.04.2014
Følelsen i fingertuppane, synet av korleis stoffet rører på seg medan du styrer det gjennom symaskina, finmotorikken som gjer at du kan sy rett som ein strek i akkurat passe avstand til kanten, erfaringa som må til for å klare å rynke stoffet når du skal, og halde det slett og glatt når det skal vere det. I tillegg går det fort.
Ingen har greidd å lage ein slik robot. Før no.
Ekorneskonsernet kunne sendt folk verda rundt for å få tak i ei slik maskin, men fann bedrifta som kan lage den i den andre enden av brua over Sykkylvsfjorden.

Stolt

- Så vidt vi kjenner til er det er ingen i verda som er komne så langt teknologisk, seier ein stolt Lars Einar Riksheim, marknadssjef, medeigar og grunnleggjar av Amatec i Sykkylven.
- Amatec og Ekornes har mange dyktige ingeniørar. Eitt prosjekt av denne dimensjonen er med på å løfte den teknologiske kunnskapen lokalt med mange hakk, seier Riksheim.
Han er ein varm tilhengjar av både automatisering, og av å halde produksjonen i Noreg.
- Alternativet, som mange bedrifter vel, er å seie at dei ikkje har bruk for automatisering - og heller flagge ut til lavkostland.
Eit farleg val, meiner Riksheim.
- Den som ikkje har produksjon vil etter kvart mangle kunnskap om korleis dei skal designe slik at produksjonen blir lønsam, seier han.

Starta med symaskiner

Amatec var opphaveleg ein symaskinleverandør til tekstil- og møbelindustrien, men er no i aukande grad ei utviklingsbedrift for industrien - med møbelbransjen og spesielt Ekornes som viktig kunde.
Til sommaren startar Amatec testproduksjonen med den nye symaskinroboten, og i løpet av året er målet at Ekornes kan ta den i bruk i produksjonen.

Jobbar for fire

Den arbeidsoperasjonen roboten er laga for utgjer rundt 20 prosent av saumarbeidet for ei bedrift som Ekornes. Produksjonscella, med fem robotar og fire symaskiner, skal styrast av ein person, og gjere arbeidet som fire personar gjer manuelt i dag.
Prosjektleier for syprosjektet i Ekornes, Leif Jarle Aure, seier Ekornes skal auke produktiviteten med 30 prosent dei komande tre åra. Mykje av gevinsten skal hentast ut i saumavdelinga, som i dag er den minst automatiserte.
Aure har allereie augene festa på neste prosjekt, automatisering av jobben med å sy saman fleire delar av trekket til stolane.

Starta i 2006

Ekornes har rundt 100 industrirobotar i sving, om lag 10 prosent av alle industrirobotane i heile Noreg er innanfor dørene til Ekornes sine fabrikkar.

Men i saumavdelinga har dei ikkje fått mykje plass. Her er det snakk om å handtere og sy saman mjuke materiale som rører seg i alle retningar, og det er mykje vanskelegare enn å handtere stål og treverk.
Jobben til den nye produksjonscella er å sy fast fibermatta på innsida av huddelane til Stressless-stolane. Fiberen syter for at stolen får ei god og mjuk overflate, og gjer at skinnet formar seg godt på stolen.

Fotografering

Sjølve arbeidsstasjonen er sett saman av kjent teknologi. Ein seks-aksa robot som legg stoffet på plass, fire symaskiner med kvar sin innebygde robot som styrer og held fast stoffet under syinga, fire kamera og fleire datamaskiner som styrer det heile.
Trikset er å få alt dette til å jobbe saman.
Jobben startar med at operatøren legg ferdig tilskore fiber og hud på plass på eit bord. Kamera over bordet fotograferer og sender informasjon til datamaskina, som kjenner att form og fasong, og gir roboten melding om å føre stoffet fram til symaskina. Der tek symaskina sin robot over, og fører fiber og hud på plass til sying. Over symaskina er det montert eit kamera som fotograferer 33 bilde i sekundet, eitt bilete for kvar femte millimeter symaskina syr.
To av utviklarane, Tor Ronny Gjelstenli og Terje Riksheim viser NETT NO ein operasjon der dei har programmert roboten til å sy fem millimeter frå kanten, og all fotograferinga syter for at saumen sit der den skal. Kvart bilete blir sendt til datamaskinen som styrer roboten som held stoffet fast, og alle avvik frå kursen blir lynraskt korrigert.
Vi har fått det til, fortel Gjelstenli, no handlar det berre å sikre at roboten produserer like stablit og feilfritt som ei sydame.

Lang veg

Vegen fram har vore lang. Den første kontakten mellom Amatec og Ekornes om automatisering av syinga kom alt i 2005, og har ført til fleire nyvinningar, men ingen så store som denne.
- Det gode og konstruktive samarbeidet mellom Ekornes, Sintef, Amatec og andre teknologileverandørar har gjort dette mogleg. I tillegg har det vore avgjerande at Forskingsrådet har hatt trua på prosjektet og har støtta det økonomisk, seier Riksheim.
Frå 2005 har vore involvert i syprosjektet, og det var testar i Sintef sine laboratorium som overtydde Amatech og Ekornes om at den nye roboten faktisk ville vere råd å byggje.
Då tok Amatec over, for å gjere ein laboratoriesuksess om til ein industri-suksess.
Det er ingen i verda som er komne så langt teknologisk

Publisert: 03.04.2014 06:30

Sist oppdatert: 01.11.2021 13:15