Mot ei røyst sa årsmøtet i Nord Fiskarlag torsdag nei til å innfri krava bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt har sett, for å ikkje melde seg ut av Norges Fiskarlag
Det skriv Fiskeribladet.
Norges Fiskarlag er organisert i tre underorganisasjonar, Nord Fiskarlag, Sør-Norges Fiskarlag og Fiskebåt.
Fiskebåt - som organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten - vil at dei tre organisasjonane skal vere likt representert på landsmøte og i landsstyre. Dei vil óg at Fiskarlaget sin politikk skal vere at fordeling av fiskekvotane skal vere stabile.
Det vil ikkje Nord Fiskarlag gå med på. Årsmøtet tilbyr å utvide landsstyret med ein representant, som skal gå til Fiskebåt, og låse dagens ressursfordeling til 2045.
Blir avgjort i februar
Styreleiar Christian Strand Halstensen i Fiskebåt sa i september at dei treng signal om at dei øvrige medlemane i Norges Fiskarlag vil innfri dei vilkåra Fiskebåt har sett, før landsmøtet i Fiskebåt i februar neste år skal gjere sine vedtak.
På landsmøtet i Fiskebåt i år gjorde Fiskebåt dette vedtaket:
«Fiskebåts medlemmer står i dag for om lag 75 prosent av medlemsavgiftene til Norges Fiskarlag, men har likevel begrenset innflytelse gjennom kun 4 av 14 landsstyrerepresentanter, og 17 av 69 landsmøtedelegater. Den havgående flåten risikerer derfor å tape i viktige interesseavveininger mellom flåtegruppene i Fiskarlagets styrende organ».
Ikkje fornøgd
Halstensen er ikkje fornøgd etter årsmøtevedtaket i Nord Fiskarlag torsdag. Neste steg for Fiskebåt er å ta opp saka på eit styremøte i starten av november.
– Det skal behandlast i styret, så eg kan ikkje seie noko for tidleg. Men det eg kan seie, er at det Nord Fiskarlag kom med i dag er langt frå det vi meiner Fiskarlaget skal vere, seier Halstensen til Fiskeribladet.
Publisert: 17.10.2024 12:26
Sist oppdatert: 17.10.2024 17:19