Seks fartøy til Vard Vietnam
I fjor fekk Vard-verftet i Vietnam bestilling på åtte skip til Ocean Infinty. No bestiller kunden seks til.
Dei seks fartøya blir 85 meter lange og utstyrt for å kunne fjernstyrast frå land. Dei skal bruke ammoniakk som energikjelde. Skipa skal leverast i 2025.
Børsmeldinga fra Vard-eigar Fincantieri og pressemeldinga frå Vard opplyser ikkje pris på fartøya.
Åtte skip i fjor
I fjor fekk Vard oppdraget med å bygge åtte liknande - 78 meter lange - skip for Ocean Infinity.
Også dei blir bygd ved Vard sitt verft i Vietnam og skal leverast i løpet av i år og neste år.
Dei skipa er teikna og konstruert skjer hos Vard Design i Ålesund og kontrollsystema er utvikla hos Vard Electro i Tennfjord og Ålesund.
Den nye kontrakten gir arbeid også til Vardselskapet Seaonics, som skal levere utstyret til å sette ut og ta inn fjernstyrte undervassfarkostar.
Les også
23 skip i Armada-flåten
Med dei seks skipa som er bestilt no vil Ocean Infinity få 23 skip i sin såkalla Armada-flåten.
Dei er bygd for å overvake og kartlegge havbotnen, samle data frå tilstanden i havet, leite etter skip eller fly på havbotnen og også kunne å fungere som frakteskip.
Bruk av ammoniakk som energikjelde - dersom ammoniakken er produsert med straum frå vind, vass- sol- eller atomkraft - gjer at skipa blir CO2-utsleppsfrie.
Qcean Inifity blei etablert i 2017 og har kontor i USA og Storbritannia.
Publisert: 24.02.2022 08:00
Sist oppdatert: 24.02.2022 08:57