NTB MN5 Pj55oi 8
BILLIONGEVINST:Oseberg-feltet produserer både olje og gass. Desse råvarene kan gi den norske staten enorme petroleumsinntekter i år. Foto: Helge Hansen / NTB / NPK
Nytt

Seks gangar høgare olje- og gassinntekter

Regjeringa vente 277 milliardar, kan bli 1750 milliardar kroner, anslår Nordea.

09.03.2022

NPK-NTB: Noregs inntekter frå sal av olje og gass kan bli på heile 1.750 milliardar kroner i år som følgje av auka prisar, viser anslag.

Regjeringa rekna med å få 277 milliardar kroner i inntekter frå petroleumsverksemda i år, men dei kan bli seks gonger så høge – 1.750 milliardar kroner, skriv Dagens Næringsliv.

Invasjonen driv prisen opp
Årsakene er dei skyhøge gassprisen i Europa og auka oljepris som følgje av Russlands invasjon av Ukraina.

Berekningane er gjort av makro- og renteekspert Dane Cekov i Nordea. Dei er baserte på prisutviklinga til no i år og framtidsprisane for olje og gass.

Ubegripeleg store
Sidan prisane svingar frå dag til dag, er reknestykket usikkert, men inntektene kan bli ubegripeleg store, seier sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets.

– Det er nesten så du ikkje trur det er sant når du ser på tala, seier han til DN.

– Prisane kan sjølvsagt falle mykje om «alt» går bra og gasstilførselen til Europa kjem opp på normale nivå igjen. Prisane kan òg bli endå høgare dersom russarane bestemmer seg for å halde tilbake mykje gasseksport til EU som ein motsanksjon, seier han.

Publisert: 09.03.2022 07:49

Sist oppdatert: 09.03.2022 08:04