Sel kraftverk til Finland
FINSK: Litlebø Kraftverk er teikna av Slyngstad Aamlid Arkitekter og er bygd i tre og stein.
Nytt

Sel kraftverk til Finland

Stranda-ordførar saman med seks andre grunneigarar på Hellesylt sel Litlebø kraftverk til finske Suomen Voima.

19.05.2020
Finsk Kraft, eller Suomen Voima, har kjøpt på Hellesylt.
Kraftverket skal no driftast av det Kristiansand-baserte selskapet Bekk og Strøm.
- Tryggestad Kraft har eit vakkert kraftverk som passar godt inn i vår portefølje, og vi er glade for å produsere grøn energi i denne regionen, seier Antti Vilkuna, dagleg leiar i Finsk Kraft, i ei pressemelding.
Det arkitektteikna kraftverket på 22 GWh vart sett i drift i 2012 og var inntil overtakinga 15. mai 2020 eigd av grunneigarane.

- Både oppturar og nedturar

Dei sju grunneigarane bak kraftverket seier seg godt nøgd med avtalen.
- Vi har bevist at vi klarte dette på eigenhand, både når det gjeld utvikling og drift.
- Når vi no sel er vi glade for at det kjem inn solide eigarar og erfaren drift med rett fokus.- Men det har også vore ein krevjande og utfordrande prosess med både oppturar og nedturar.

Godt resultat

Det seier Jan Ove Tryggestad, styreiar i Tryggestad Kraft. Tryggestad (Sp) er også ordførar i Stranda.
Jan Ove Tryggestad eig 20,5 prosent av kraftverket. Av andre som eig over 10 prosent er Hans Hole (19,25 %), Tor Arne Tryggestad (12,59%) og Per Aamund Hauso (10,54 %).
Tryggestad Kraft omsette i 2018 for 13,0 millionar kroner, og sat att med eit resultat før skatt på 3,3 millionar.
Det vert ikkje opplyst kor mykje grunneigarane får for salet.

Arkitektteikna

Litlebø kraftverk har tre turbinar og får vatnet sitt frå Nibbedalselva og Langedalselva på Hellsylt, og er lokalisert der disse elvane møtest.
Kraftstasjonen er teikna av Slyngstad Aamlid Arkitekter og er bygd i tre og stein. Stasjonen har mange glassflater, og er eit signalbygg langs turistvegen til Hellesylt og Geiranger.
Finske Suomen Voima eig ei rekke kraftverk i Norden, og står for ein årleg kraftproduksjon på 312 GWh.
I tillegg har selskapet meir enn 300 MW i prosjekt som er under bygging eller utvikling.
Det vert opplyst at salet er mekla av selskapet Krafthuset.
Suomen Voima har på gang bygging av fleire andre kraftverk i Norge.

Når vi no sel er vi glade for at det kjem inn solide eigarar og erfaren drift med rett fokus

Publisert: 19.05.2020 14:07

Sist oppdatert: 02.02.2022 11:44

Mer om