Volt
LUSEJEGER: Volt Service har seld båten Volt Processor. Foto: Volt
Nytt

Sel Volt Processor

Herøy-selskap sel spesialskip for lusebehandling.

22.12.2021

- Vi sel for å reindyrke bløggebåtsatsinga vår i Volt.

Det seier dagleg leiar Even T. Remøy i Remøy Management-selskapet Volt Service etter at selskapet har seld Volt Processor.

Kjøpar er Os-selskapet Samba Marin, som har mange års erfaring innan oppdrettsservice.

Volt Processor er 43 meter lang, og vart bygt ved Damen-verftet i 2018.

Ifølgje Ilaks vil Volt Processor no få namnet Fox Processor. Om bord er blant anna eit Optilice 4 XL behandlingssystem.

Fartøyet vil gå inn på fast kontrakt hos Lerøy Vest/Sjøtroll, men vil også vere tilgjengeleg i spotmarknaden.

Publisert: 22.12.2021 15:30

Sist oppdatert: 22.12.2021 15:41

Mer om