Volt Harvest II foto Volt Harvest
FÅR FØLGJE AV FLEIRE: Volt Harvest II frå Fitjar Mekaniske Verksted blir ikkje nyaste fartøy i oppdrettsatsinga til Remøy Management-gruppa særleg lenge. Tre til er på veg eller under planlegging. Foto: Remøy Management
Nytt

Planlegg båt nummer sju

Denne veka fekk Volt Service båt nummer fire. I løpet av 2023 vil reiarlaget ha sju.

17.11.2021

Volt Service blei starta hausten 2016 og var starten på oppdrettsatsinga til Remøy Management-gruppa i Herøy.

Eitt avløysingsfartøy og to bløggebåtar er alt i arbeid.

Volt Harvest II er det fjerde fartøyet i rekka og blei overlevert frå Fitjar Mek. Verksted denne i veka.

Seinare i år får reiarlaget båt nummer fem, også den bygd hos Fitjar Mek. Verksted.

Skal finne verft til nummer sju
I 2023 skal Moen Marine lever båt nummer seks, og tidleg neste år reknar dagleg leiar og medeigar Even T. Remøy med å inviterte til konkurranse om å få bygge båt nummer sju.

Han reknar med at også den kan bli levert i 2023.

Med unntak av eitt fartøy vil alle fartøy i flåten vere bløggebåtar. Ein bløggebåt bløggar (tilsvarande å skjere strupen over på eit dyr) fisken ombord på veg frå oppdrettsanlegg til slakteri. Det sparer mellom anna plass samanlikna med ein brønnbåt, som fraktar fisken levande fram til slakteriet.

Spot og faste kontraktar
Etter testperioden skal Volt Harvest II leigast ut til fleire oppdrettselskap langs heile kysten gjennom ein kombinasjon av faste kontraktar og oppdrag i spotmarknaden.

Fartøyet er utstyrt med batteri slik at det kan kombinere diesel- og batteridrift. Ved land kan det koblast til straumnettet.

Bløggerobotane ombord er levert av Optimar på Valderøya, gir og propellar er frå Finnøy Gear & Propeller og hovudmaskineri er frå Nogva Motorfabrikk.

Publisert: 17.11.2021 11:35

Sist oppdatert: 17.11.2021 12:04

Mer om