Lamella
ÅLESUND: Dirk Kiefer satsa på sal av is og sorbet i Ålesund, og har lukkast. Foto: Lamella
Nytt

Selde is for 3,3 millionar kroner

Rekord og betre lønnsemd i fjor for Dirk Kiefer og Lamella Iskrem & Sorbet.

29.03.2023

Tyske Dirk Kiefer flytta til Ålesund i 2004. Etter å ha jobba som kokk fleire stader, starta den utdanna pølsemakaren i 2018 opp selskapet Lamella, og satsa på sal av iskrem og sorbet i Løvenvoldgata i Ålesund.

Satsinga har gitt resultat. Sjølv om ein fekk koronasmellen og svikt av blant anna cruiseturistar, har omsetninga auka kvart år. I 2022 vart det seld is for 3,3 millionar kroner, og resultatet før skatt enda på 0,5 millionar kroner, opp frå 0,2 millionar året før.

Iskrembutikken har no hatt vinterpause, men på Facebook vert det opplyst at frå og med 25. mars er iskremsesongen tilbake for fullt i Løvenvoldgata med sal av kuleis, softis, milkshake og den berømte spagetti-isen.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 0,5 millionar kroner.

Dirk Kiefer eig 60 prosent, medan Ole Henrik Eidsvik eig 40 prosent av selskapet.

Lamella
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 3,3 3,1
Driftsresultat 0,5 0,3
Resultat før skatt 0,5 0,3

Publisert: 29.03.2023 07:18

Sist oppdatert: 29.03.2023 07:44

Mer om