Rentekomiteen til Norges Bank avgjorde i sitt møte onsdag at renta skal ned frå 4,25 til 4 prosent.
– Vurderinga til komiteen er at det truleg vil trengast ei noko høgare rente framover enn det var utsikter til i juni. Det er uvisse om dei økonomiske utsiktene, heiter det i pressemeldinga.
Sjå pressekonferanse med sentralbanksjefen (ekstern lenke)
– Men dersom økonomien utviklar seg om lag slik komiteen no ser for seg, blir renta sett vidare ned i løpet av det næraste året, legg dei til.
På førehand hadde fleire økonomar og analytikarar spådd at sentralbanken ville halde renta uendra. Tal for norsk økonomi som har komme den siste veka, førte til at fleire endra anslaga sine.
Onsdag blei det kjent at også sentralbanken i USA sette ned renta. Fleire viste då til at sjansane auka, også for eit kutt i Noreg.
– Jobben med å få bukt med prisveksten er ikkje fullført, men ved å letta varsamt på bremsen legg me til rette for at prisveksten kjem tilbake til inflasjonsmålet utan at me bremsar økonomien meir enn nødvendig, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache i torsdagens pressemelding.
Sentralbanksjeen anslår at det vil bli eitt rentekutt i året dei neste tre åra. Prognosen er noko oppjustert frå førre rapport.
– I anslaga våre minkar den gjennomsnittlege bustadlånsrenta til i overkant av 4,5 prosent i 2028, seier Wolden Bache.
– Betyr ein etterlengta lette
Forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank 1 meiner det kom ei god og ei dårleg nyheit på ein gong.
– Det betyr ein etterlengta lette i kvardagsøkonomien i mange norske hushald, seier Gundersen til NTB. Han meiner kutta vil gi merkbart lågare renteutgifter.
Samtidig signaliserer Noregs Bank at det blir færre kutt framover enn dei tidlegare har sett for seg, påpeikar han.
Seniorstrateg Sara Midtgaard i Nordea Markets trur at det neste kuttet ikkje kjem før nærare sommaren igjen.
– Så etter dette må me nok smørja oss med tolmod, seier ho til NTB.
– Som å trakka litt mjukare på bremsepedalen
Sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i Sparebank 1 Sør-Noreg meiner Noregs Bank legg mindre vekt på det siste inflasjonstalet og heller tek på seg dei lange brillene i denne avgjerda.
– Sentralbanken har oppjustert rentebanen noko. Sjølv om det kjem eit kutt no, så er sentralbanken tydeleg på at dette ikkje er starten på ein bratt nedgang. Der det tidlegare var førespegla to rentekutt denne hausten, ser me no at det sannsynlegvis blir det med dette eine med ein gong.
Noregs Bank kallar avgjerda for ei forsiktig normalisering av renta.
– Den har vore på eit innstrammande nivå, og det dei gjer no, er som å trakka litt mjukare på bremsepedalen. Men me er framleis på 4 prosent, med den innstrammande effekten det har, seier sjeføkonomen.
Publisert: 18.09.2025 10:05
Sist oppdatert: 18.09.2025 11:06






