Lanternen Kåre Jensholm 2
LANTERNEN: Kåre Jensholm har under koronaperioden hatt suksess med matlevering av tradisjonell husmannskost via gatekjøken. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Ser ingen grunn til å slutte med kjøtkaker, sosakjøt og potetball

Han satsar meir på gatekjøkendrift under pandemien, men Kåre Jensholm sluttar ikkje med menyen han har hatt suksess med i 35 år.

31.07.2021

- Sidan starten i mai 1987 har vi servert sosakjøt, kjøtkaker og potetball. Det er dette folk vil ha, og eg ser ingen grunn til å endre på det.

Det seier Kåre Jensholm som har drive kafeen Lanternen like ved Herøybrua i 35 år. 67-åringen har ingen planar om å slutte.

- Dette er både arbeid og hobby. Dette er livsverket mitt. Så lenge eg ikkje kvir meg til å gå på jobb, vil eg halde fram.

Selskapet omsette i fjor for 3,6 millionar kroner, ned frå 4,8 millionar kroner året før, men gjekk likevel så vidt i pluss.

(saka held fram etter tabellen)

Lanternen
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 3,6 4,8
Driftsresultat 0,02 0,03
Resultat før skatt 0,1 0,03

Stengde i tre månader
Kåre Jensholm seier at hovedgrunnen til reduksjonen i omsetning var at kafeen var stengd i tre månader. I staden vart det satsa meir på gatekjøkenmat.

- Vi har hatt tradisjonell gatekjøkenmat, men satsa i tillegg på levering av vår tradisjonelle meny med husmannskost. Det slo godt an, seier Jensholm.

Mykje jobb - lita løn
Men han legg til at det likevel var tøft å få det til å gå rundt.

- Vi måtte permittere tilsette, og eg tok sjølv ut berre 10.000 kroner i løn i månaden.

- Eg jobba meir enn nokon gong, til mindre løn enn nokon gong. På denne måten klarde vi oss.

Koronatilskot
I tillegg selde selskapet aksjar for 100.000 kroner, og ein mottok 113.476 kroner i statleg koronatilskot.

- Dette tilskotet kom godt med, og etter mitt syn har vi gjort alt vi skulle for å motta eit slikt tilskot.

Vi måtte permittere tilsette, og eg tok sjølv ut berre 10.000 kroner i løn i månaden
Kåre Jensholm
Lanternen Kåre Jensholm
MARINA OG CAMPING: Ved Lanternen er det både marina og campingplass. No har Kåre Jensholm kjøpt tilbake tomta til kafeen og campingplassen. Foto: Kjetil Haanes

Ein god søndag - så stengt
Hittil i år ser det litt betre ut, men ein ligg likevel 35 prosent bak omsetninga ein hadde i 2019.

- Sist søndag hadde vi derimot ein svært god dag, og omsette for 65.000 kroner. Det er ny årsbeste.

På grunn av koronarestriksjonar og ein meters avstand, er det berre 65 av totalt 105 stolar i kafeen i bruk.

Etter det siste smitteutbrotet på Sunnmøre har Jensholm valt å stenge kafeen denne helga.

- Det er no stort trykk på kafeen, vi gjer dette som eit førebyggande tiltak til situasjonen er meir avklart, vi vil ikkje bidra til at smittesituasjonen kjem ut av kontroll, opplyser Jensholm.

Ventar på tyskarane
Selskapet har også ansvaret for drifta av ti hytter.

- Normalt er her mange tyskarar og nederlendarar, men hittil i år har dei ikkje kome. Truleg kjem det ein del tyske turistar i august.

- I sommar har det vore godt belegg med norske turistar, men det er utlendingane som står bak utleige utanom den norske skuleferieperioden, seier Jensholm.

Tilbakekjøp av tomt
Han ser uansett lyst på framtidsutsiktene, og kan no glede seg over at selskapet i desember i fjor kjøpte tilbake eigedomen som ein måtte selje etter ein konkurs i 1999.

- Vi betalte 2,750 millionar kroner, og eig dermed tomta til kafeen og campingplassen. At vi eig dette sjølv, fører også til at leigeutgiftene vert halverte. Det kjem godt med, seier Jensholm.

Ingen alkohol
Han kjem ikkje på nytt til å satse på alkoholservering.

- Vi prøvde det nokre år, og då gjekk omsetninga ned, så det vil vi ikkje prøve på nytt.

- Dette er ein familieplass.

Publisert: 31.07.2021 05:50

Sist oppdatert: 31.07.2021 19:18