Ser på etablering av Peak-hus på Sunnmøre
Med Peak Måløy skaper investoren sitt tredje kontorbygg som samlar bedrifter i eitt felles miljø. No har han fått forespørslar frå Sunnmøre.
Eit tidlegare fryselager i Måløy sentrum blir til 8000 kvadratmeter kontorlokale og fellesareal.
Fleire kjende bedrifter og verksemder i Måløy har signert intensjonsavtale om å flytte inn i det nye bygget; Localhost, PWC, Whereby, MMR Ocean Blue, Ecobait, Azets, Mørenot, Måløy Vekst og Fagskulen i Sogn og Fjordane.
No skal Pål Anders Kårstad bruke hausten til å få avklart pris og detaljar om korleis bygget skal byggast om og få signert bindande avtalar med leigetakarane.
Planen er å vere ferdig til innflytting i 2024.
Les også
Møteplass
Ideen bak Peak Måløy er å tilby moderne kontorlokale og skape eit miljø som gjer bygget til ein møteplass for både nye og etablerte bedrifter.
Bygget skal huse både kontor og fellesareal.
- Det vi ønskjer å bygge her er ei næringsklynge. Når du i dag skal rekruttere unge nytilsette så betyr miljø svært mykje og kan vere avgjerande i rekrutteringssamanheng, seier Kårstad.
Forspørsel frå Ulsteinvik
Kårstad og medinvestorane hans starta det første Peakhuset i Førde, og etablerte seinare eitt i Florø. Huset i Førde og Måløy er begge eigd av selskapet, medan Peak-huset-bygget i Florø er leigd på langtidskontrakt.
Modellen har vekt interesse. Kårstad seier han også har fått forespørsel om å etablere seg i Ulsteinvik.
Den forespørselen tek han på alvor.
- Eg kjem til å reise opp i slutten av september, seier Kårstad.
Publisert: 06.09.2021 11:00
Sist oppdatert: 17.06.2024 06:27