Stig Brautaset Jan Frode Janson Sparebank1 Søre Sunnmøre Sparebank1 S Mn samanslåing foto Ogne
SISTE GANG SOM EIGEN BANK? I neste veke skal generalforsamlinga i Sparebank1 Søre Sunnmøre avgjere om banken skal bli ein del av Sparebank1 SMN, med Jan Frode Jansen (t.h.) som toppsjef. Til venstre Sparebank1 Søre Sunnmøre-sjef Stig Brautaset som i dag legg fra tala for 3. kvartal. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ser teikn til kjappare nedkjøling

Teikn til at omslaget i norsk økonomi kjem raskare enn venta, melder Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

03.11.2022

Sparebank 1 Søre Sunnmøre auka sine samla utlån til bedriftsmarknaden med 2,3 prosent i siste 12-månadersperiode går det fram av kvartalsrapporten for tredje kvartal.

I førre kvartalsrapport var auken i samla utlån til næringslivet 1,3 prosent i siste 12-månadersperiode. For lån til privatpersonar, som er den viktigaste marknaden for banken er utlånsveksten i siste 12-månadersperiode 6,1 prosent mot 6,9 prosent for tre månadar sidan.

Rentehopp
Banken ventar mellom anna av Noregs Bank vil auke rentene fleire gangar.

– Dette kan legge ein dempar på hushaldningane sitt konsum, gi lågare kredittvekst i hushaldningane og sannsynlegvis også påverke bustadprisane negativt. Delar av næringslivet i regionen går også mot meir usikre tider. Mellom anna gjeld dette tenesteytande sektor og varehandel som kan oppleve lågare etterspørsel. På den andre sida er det gode utsikter for til dømes leverandørindustrien innanfor olje- og gassbransjen, som er ei viktig næring for Søre Sunnmøre, seier administrerande direktør Stig Brautaset i ei pressemelding.

Les børsmeldinga her (ekstern lenke)

Minus på finansinvesteringar
Sparebank1 Søre Sunnmøre fekk eit reduserte overskot i tredje kvartal. Årsaka er at banken i fjor hadde 29 millionar kroner i netto avkastning på finansinvesteringar medan det blei minus 2,3 millionar i tredje kvartal i år. Årsaka til nedgangen er svakare resultat i forsikringsselskapet Fremtid, som banken er medeigar i.

9. november i år skal generalforsamlinga i banken avgjere om banken skal bli ein del av Sparebank 1 SMN. Styret i banken har tilrådd samanslåing.

Sparebank1 Søre Sunnmøre
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt216,4232,2
Driftsresultat111,0135,4
Resultat før skatt117,8130,5
Sparebank1 Søre Sunnmøre
3. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt66,287,5
Driftsresultat28,453,2
Resultat før skatt34,454,1

Publisert: 03.11.2022 11:09

Sist oppdatert: 03.11.2022 12:02

Mer om