Styre-ja til bankfusjon
Styra i Sparebank1 Søre Sunnmøre og Sparebank1 SMN seier ja til samanslåing.
Styra i bankane har i dag vedteke ein plan for samanslåing av bankane, skriv bankane i ei likelydande børsmelding.
Dei to bankane offentleggjorde samanslåingsplanane før sommarferien i år og har i haust forhandla om detaljane i avtalen, som no har fått tommelen opp i begge selskapa sine styre.
Avgjort i november
Neste steg er handsaming i høvesvis generalforsamling (Sparebank1 Søre Sunnmøre) og representantskap (Sparebank1 SMN). Det skal skje i andre veka i november.
Planen er å organisere verksemda på søre Sunnmøre og i Fjordane (nordre del av Sogn og Fjordane) som ein eigen divisjon, med leiing i Volda.
Den samanslåtte banken vil ha 1621 tilsette fordelt på over 50 kontor, med Førde som det sørlegaste.
6,6 prosent
Ifølgje børsmeldinga er bankane samde om at verdien av Sparebank1 Søre Sunnmøre tilsvare 6,6 prosent av den samla verdien av den samanslåtte banken.
Sparebank1 SMN er overtakande bank og Sparebank1 Søre Sunnmøre får oppgjer i eigenkapitalbevis i Sparebank1 SMN.
Sparebank1 Søre Sunnmøre er 90,2 prosent sjølveigd og skal få 12.971.224 eigenkapitalbevis i den samanslåtte banken som vederlag.
Det utgjer med dagens kurs i overkant av 1,4 milliardar kroner. Pengane skal gå inn i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre, som skal forvalte pengane og dele ut gåvemidlar.
Les også
Klart for forhandlingsstart om samanslåinga av Sparebank1 Søre Sunnmøre og Sparebank1 SMN.
Intensjonsavtale om samanslåing mellom Sparebank1 SMN og Sparebank1 Søre Sunnmøre.
Publisert: 03.10.2022 19:35
Sist oppdatert: 03.10.2022 20:13