Set berekraft-satsing under lupa
Deloitte skal granske om fylket si involvering i aksjekjøp frå eigen tilsett er innanfor regelverket.
Granskinga blir truleg først ferdig rundt påsketider neste år, ifølge Sunnmørsposten, som skreiv om saka først.
Fylkeshuset AS kjøpte 31.12.2021 halvparten av aksjane i selskapet R8Me AS for 5,0 millionar kroner av RATEME Markets AS, eit selskap eigd av Ingvild Nistad, ein tilsett prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ideen bak R8me er å tilby ei rangering av mindre og mellomstore bedrifter i høve til FN sin 17 berekraftsmål. Selskapet vart etablert i 2021 og hadde 0,3 millionar kroner i inntekter i 2021.
Møre og Romsdal fylkeskommune eig 51 prosent av aksjane i Fylkeshuset AS. KLP eig 48 prosent og Statsbygg ein prosent.
Føremålet med undersøkinga er å undersøke om Fylkeshuset AS sitt kjøp av aksjar i selskapet R8Me AS overordna sett har skjedd i samsvar med både gjeldande regelverk og politiske vedtak og føringar frå Møre og Romsdal fylkeskommune som eigar, heiter det i sakspapira til kontrollutvalet i fylkeskommunen.
Kontrollutvalet skal ha møte i morgon, fredag 2. desember, og då skal Deloitte orientere om korleis selskapet vil gjennomføre granskinga.
Publisert: 01.12.2022 22:30
Sist oppdatert: 27.03.2023 14:24