Enorme mulegheiter for naeringslivet innan berekraft
NY SJEF: Spesialrådgivar og tidlegare fylkesplansjef Ole Helge Haugen er ny dagleg leiar i R8me, eit selskap med Møre og Romsdal som største aksjonær kjøpte seg inn i i fjor.
Nytt

Skal fylle på med pengar før lansering

Omstridd selskap med emisjonsplanar. Skal vere klar for kommersiell lansering i januar, seier ny sjef.

04.06.2022

Berekraftrating-selskapet R8me har blitt eit omstridd selskap i fylkespolitikken etter at selskapet Fylkeshuset As, med Møre og Romsdal Fylkeskommune som største eigar, kjøpte halvparten av aksjane for fem millionar kroner frå Ingvild Nistad sitt selskap Rateme Markets.

Ho var då var tilsett i fylkeskommunen. Prisen verdset selskapet til 10 millionar kroner.

Sak for kontrollutvalet
Selskapet vart stifta 17. mai 2021. Resten av aksjane er eigd av eit selskap eigd av Westre-familien, med Kaj Bang Westre i spissen. Bang Westre er frontfigur, medeigar og primus motor i utviklinga av NMK i Ålesund.

Handelen blir orienteringssak i kontrollutvalets sitt møte tysdag i neste veke, skriv Sunnmørsposten.

Ideen bak R8me er å tilby ei rangering av mindre og mellomstore bedrifter i høve til FN sin 17 berekraftsmål. Målet er ein mest mogleg automatisert prosess.

Jobbar med teknologiutvikling
Spesialrådgivar og tidlegare fylkesplansjef Ole Helge Haugen er ny dagleg leiar i selskapet, ifølgje ei melding lagt ut på Linkedin.

Han tek til for fullt i stillinga 1. september, etter at han har slutta i fylkeskommunen, seier Haugen til NETT NO. Nistad held fram i selskapet som COO, Chief Operation Officer.

Dette seier Haugen om kva som er den viktigaste arbeidsoppgåva for selskapet før planlagt kommersiell lansering i starten av 2023:

- Å få løyst teknologien i det. Vi har kome ganske langt i forhold til lage programvare. Det er integrasjonen inn mot offentlege register som er den store jobben vi skal ta tak i haust, seier Haugen.

Mål om automatisert datasamling
Frå offentlege register, som til dømes reknskapsregisteret i Brønnøysund, kan det hentast inn opplysningar om til dømes kvinneandel i bedrifta og i styret. Målet er at informasjonsinnhentinga skal automatiserast.

Teknologiutviklinga skjer i samarbeid med selskapet Skalar i Oslo.

For annan informasjon, som til dømes om utslepp av CO2 og avfallshandtering, vil R8me hente den frå selskap som registrer og klassifiserer slik informasjon, ifølgje Haugen.

Utvikler forretningmodell
Haugen skal og arbeide med forretningsmodellen. Det handlar om kven som skal betale for produktet. Er det bedriftene som bestiller rangeringa, eller oppdragsgivarar som krev at deira leverandørar har ei slik rangering R8me tilbyr?

Det er spørsmål Haugen førebels ikkje vil gå i detaljar om.

- Vi ser på ulike forretningsmodellar, seier han.

Kapitalutviding
Teknologiutvikling kostar pengar og R8me kjem til å trenge meir kapital. Arbeidet med å førebu ei kapitalutviding er alt i gang.

-Tidleg på hausten treng vi nok meir, seier Haugen om kapitalbehovet.

Då er han sjølv ein av dei som kan bli medeigar.

- Det kan vere aktuelt, seier Haugen.

Verdivurdering
Verdivurderinga i samband med kjøpet at aksjane frå Nistad vart gjort av selskapet Azets i Oslo.

NETT NO har fått innsyn i ein mindre del av verdivurderingsrapporten. Der blir verdien av R8me vurdert til mellom 3,7 og 32 millionar kroner, med eit såkalla base case på 17,4 millionar kroner.

Estimatet byggjer på selskapet (R8me, red. merk) si prognose, skriv Azets i verdivurderingsrapporten.

Podium

E16/S2 Podium: Kva skjer med det sunnmørske eigarskapet?

Publisert: 04.06.2022 05:00

Sist oppdatert: 27.03.2023 14:26

Mer om