HAV Hydrogen Containerized H2 system 290822
ENKLARE: Illustrasjonen viser ein 20 fots kontainer på dekk som skal innhalde brenselcella som produserer straum ved å smelte saman hydrogen og oksygen, med vatn som einaste utslepp. Illustrasjon: Hav Hydrogen
Nytt

Set hydrogen-systemet på dekk

Håpar på kontrakt innan neste år.

30.08.2022

Hav Hydrogen har lansert ei løysing for reiarar som vil bruke hydrogen som energiberar på skip dei alt har, men der det ikkje er plass til å montere eit slikt anlegg under dekk. Løysinga kan også vere ei enklare løysing for nybygg enn å bygge inn eit anlegg under dekk.

Løysinga er å plassere ein kontainer med brenselcelleanlegg på dekk. Brenselcella produserer elektrisk kraft frå energien som blir blir frigjort når hydrogen og oksygen smeltar saman til vatn (H2O).

Kontaineren kan forsynast med hydrogen frå tankar eller flasker, som også kan plasserast i stativ på dekk. Anlegget skal kunne oppskalerast, med større og fleire kontainarar og større lagerkapasitet.

Dagleg leiar Kristian Osnes i Hav Hydrogen seier eitt mål med lanseringa er å framskunde at hydrogen blir tatt i bruk som energiberar, og at han håpar den første kontrakten er signert seinaste neste år.

Hav Hydrogen er eit datterselskap av børsnoterte Hav Group.

Publisert: 30.08.2022 08:49

Sist oppdatert: 30.08.2022 08:49

Mer om