Makrell japan
MAKRELL: Norsk makrell vert stadig meir populær i Japan. No er det også direkteeksport til Japan. Foto: Noregs sjømatråd
Nytt

Sette fleire fiskerekordar i første kvartal

Mars var ein rekordsterk månad, men ikkje alt er like lystig om ein ser bak tala.

05.04.2023

(NPK-NTB-Toralf Larsen Vallestad) Mars var ein rekordsterk månad for norsk fiskeeksport. Også for det første kvartalet auka eksporten med 22 prosent samanlikna med i fjor. Noreg har hittil eksportert sjømat for 41,4 milliardar kroner, viser tal frå Norges Sjømatråd.

– Norsk sjømateksport har lagt bak seg eit verdimessig historisk sterkt kvartal. Ei mykje svakare norsk krone og prisvekst i marknadene på artar som laks, torsk, aure, sei og sild er hovudforklaringa til veksten, seier administrerande direktør i Norges Sjømatråd. Christian Chramer, i ei pressemelding.

Eksportvolumet gjekk ned
I første kvartal 2023 har Noreg eksportert sjømat for 41,4 millionar kroner. Det svarer til ein auke på 7,4 milliardar kroner, eller 22 prosent samanlikna med same periode i fjor.

– Det er mange verdirekordar i første kvartal, mellom anna for laks og i kvitfiskkategorien, men når vi ser bak tala, er det ikkje like lystig, seier Chramer.

Eksportvolumet av torsk og laks fall noko, og det har bidrege til å løfte prisane.

– Handel på tvers av landegrensene blir også prega i 2023 av krig og uro i verdsøkonomien, så vi lever framleis i krevjande tider. Dette blir merka ute i marknadene der forbrukarane no for alvor opplever at kjøpekrafta blir svekt, seier Chramer.

Eksportverdien i mars enda på 15,7 milliardar kroner. Det er ein auke på 3,2 milliardar kroner samanlikna med same månad i fjor.

Ein historisk skreisesong i Spania
– Laks var ein av artane med volumfall. Her var nedgangen på seks prosent samanlikna med første kvartal i fjor. På kort sikt bidreg dette til å løfte prisane til historisk høge nivå, seier Chramer.

Totalt vart det eksportert 693.400 tonn sjømat i første kvartal. Det er ein nedgang på 8,7 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Trass i lågare kvotar, mykje dårleg vêr og eit seint skreiinnsig, vart det eit verdimessig rekordkvartal for fersk heil skrei. Høg inflasjon og lågare tilførsel bidrog til veksten i norske kroner.

– 2023 kan bli ein historisk skreisesong i Spania. I utfordrande økonomiske tider er det ekstra gledeleg at etterspurnaden etter skrei held seg så sterkt ute i dei viktige europeiske marknadene, seier Chramer.

Størst verdivekst til USA
USA hadde størst verdivekst i første kvartal, med ein auke i eksportverdien på 1 milliard kroner, eller 40 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

Det er særleg laks som løftar eksportverdien til den amerikanske marknaden, men også aure og frosen snøkrabbe gitt gode resultat dette kvartalet.

– Det er positivt at USA er ein sterk vekstmarknad for fleire artar i første kvartal. For kongekrabbe og snøkrabbe er USA éin av dei største marknadene dette kvartalet, med vekst både i verdi og volum, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

I Asia har Japan auka direkteimporten sin av norsk fisk. Tidlegare har store mengder makrell gått via Kina for tilverking. Det har ikkje vorte direkteeksportert så mykje makrell frå Noreg til Japan sidan 2005.

– Eg er fornøgd med at sjømat frå Noreg held fram med å vere populært verda rundt. Norsk sjømat er berekraftig og eit godt matval for folk i alle aldrar og land, seier fiskeri- og havministeren.

Publisert: 05.04.2023 06:13

Sist oppdatert: 05.04.2023 09:06

Mer om