Sikra eitt aars arbeid
STORKONTRAKT: Sals og marknadsføringsansvarlewg Oddbjørn Følsvik (t.v) og dagleg leiar og medeigar Bjørn Meek
Nytt

Sikra eitt års arbeid

PE Bjørdal skal bygge fabrikkar til to trålarar.

18.01.2021

Reiarlaga JFK-Trol på Færøyane og Parlevliet & van der Plas i Nederland skal bygge kvar sin trålar hos Tersan Shipyard i Tyrkia. Fabrikkane til begge trålarane skal byggast hos PE Bjørdal i Ørsta.

-Dette er eitt av dei største prosjekta vi har signert, seier sals- og marknadsansvarleg Oddbjørn Følsvik i PE Bjørdal til NETT NO.

Fabrikken til JFK- Trol-trålaewn er utstyrt for produksjon av filet og HG (blokkfrosen fisk) av kvitfisk i tillegg til blokkfrosen raudfisk og blåkveite. Fabrikken til Parlevliet & van der Plas vil i tillegg kunne produsere over 30 tonn reker per døgn, skriv PE Bjørdal i ei pressemelding.

- Dette er et resultat av det gode og systematiske arbeidet som er gjort i PE Bjørdal gjennom dei siste åra. Vi har investert mykje pengar og ressursar i moderne teknologi og produksjonsutstyr, men også det beste vi kan få innanfor design og planleggingsverktøy. Kompetansen vi har skaffa oss i lag med den praktiske erfaring vi har frå før, gjer at vi vinn slike prestisjekontrakter. Etter at vi fekk styrka kapitalbasen vår i fjor haust, er vi no styrka i posisjonen som ein føretrekt leverandør av prosess-løysingar til fiskerimarknaden, seier dagleg leiar og medeigar Bjørn Meek i pressemeldinga.

Eitt års arbeid

Pressemeldinga opplyser ikkje kor mykje PE Bjørdal får betalt for oppdraga, men fortel at det er oppdraga gir "arbeid i eitt års tid".

Følsvik seier fabrikkane skal leverast i første halvår 2022 og oppdraget er med på å gi ein god ordrebase for heile 2022.

Parlevliet & van der Plas er medeigar i JFK-Trol og dei to fabrikkskipa er søsterskip, sjølv om fabrikkane om bord blir ulike.

Fartøya er teikna av Skipsteknisk i Ålesund og er klassifisert som "Arctic Multipurpose Freezer Trawlers". Dei blir 87,5 meter lange og 18 meter breie.

Dette er eitt av dei største prosjekta vi har signert

Publisert: 18.01.2021 16:47

Sist oppdatert: 05.08.2021 20:50