NTB wfgxd Ey O Rs U 001
SILD: Fleire er kritiske til at god matsild bli selt til laksefôr. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB / NPK
Nytt

Sildefisket i gang - kritikk mot fin sild til fiskefôr

Gode prisar for sild til oppmaling, men det møter kritikk.

11.10.2022

(NPK - NETT NO): Fisket etter norsk vågytande sild - NVG-sild - er i gang.

I dag har blant anna Ligrunn meldt inn 1.125 tonn, som skal leverast til Global Florø, medan Libas har meldt inn 2.500 som skal leverast til Tripleline Vedde.

Libas skal levere silda til mjøl- og oljeproduksjon. Det same gjorde Endre Dyrøy i slutten av sist veke, noko som skapte reaksjonar, blant anna frå salssjef Lorentz Hardy i Lofoten Viking som er sterkt kritisk til at sild som kan nyttast til menneskemat, blir nytta til mat for oppdrettslaks.

– Er det slik at vi skal lage laksefôr av god konsumsild, at tre-fire kilo sild skal gå med til å produsere eitt kilo laks, eller skal vi heller sørgje for at verda får nok sild til eit stort konsumbehov, seier Hardy til Fiskeribladet.

- Bør tenkje seg nøye om
Etter det Fiskeribladet kjenner til er det mange ringnotfartøy som har planar om å følgje eksempelet til Endre Dyrøy.

Dei fekk heile 6,55 kroner kiloen på silda som gjekk til oppmaling.

Dagleg leiar Geir Robin Hoddevik i Global Fish ber sildefiskarane tenkje seg om.

– Eg trur dei som vel å levere god konsumsild til mjøl- og oljeproduksjon, bør tenkje seg nøye om. At ein båt kan spare 300.000-400.000 i drivstoffutgifter med å fiske mykje på ein gong og spare seg for ein ekstra tur på feltet, bør vurderast og vegast opp mot at vi har ein konsumsildemarknad vi skal levere til også i framtida.

- Det er ikkje så enkelt at ein berre kan hoppe ut og inn igjen av ein sildemarknad ut frå ei vurdering som kan gi ein kortsiktig gevinst her og no, seier han.

Det er ikkje så enkelt at ein berre kan hoppe ut og inn igjen av ein sildemarknad
Geir Robin Hoddevik

Fin sild
Bakgrunnen er rekordhøge prisar til mjøl og olje, samstundes som forbrukarane i marknaden for konsumsild har svekt kjøpekraft på grunn av krig, høge energiprisar og generelle matkostnader.

Sildelaget opplyser at fisket etter NVG-sild i forrige veke starta rundt 50 nautiske mil nord av Andenes. Utover i veka trakk flåten nordover og i helgen har fangstinga i hovedsak foregått vest av Tromsøflaket, rundt 80 nautiske mil nordvest av Torsvåg.

Det er fin sild det vert fiska på. Snittvekta ligg i området 280 -318 gram.

Totalt står det att 162.467 tonn av ringnotkvota på 215.502 av NVG-sild. Fleire båtar skal vere på veg etter at mange no er ferdig med makrellfisket.

Makrellen står spreidt
På makrellen hadde ein forrige veke haustens laveaste makrellkvantum med 17.300 tonn i journalen. Av dette kvantum har 17 færøyske og en irsk båt bidratt med hele 9.600 tonn. For dei norske gruppene har ringnot fiska 6.400 tonn, kyst 800 tonn og trål 500 tonn.

Sildelaget opplyser at fisket i norsk sone har i all hovedsak foregått tett aust av grensa i området frå Vikingbanken og vidare sørover til vest av Utsiragrunnen. Makrellen har stått spreidt og lite eigna for notfiske, noko som vert illustrert med at heile 15.800 tonn er fiska med trål.

For ringnot står det no att 27.605 tonn av kvoten på 204.735 tonn, i tillegg til at det står att 3.000 tonn av flekskvoten.

Publisert: 11.10.2022 09:23

Sist oppdatert: 11.10.2022 09:52

Mer om