Siste sjanse for OFS
Må vere i mål med kapitalutviding 31. mars.
Då det landbaserte oppdrettselskapet OFS ved Måløy seint i fjor inviterte investorar til å bli med i ei kapitalutviding på minst 56,25 millionar kroner var målet å ha pengane på plass før jul.
Slik gikk det ikkje, og fristen for å teikne seg har blitt utsett fleire gangar.
Per i dag har investorar teikna seg for tilsaman 51,46 millionar kroner.
Det betyr at selskapet no manglar knappe 4,8 millionar kroner for å vere i mål.
Ut månaden
Etter den siste forlenginga av teikningsfristen er siste frist no 31. mars.
Det er også den absolutte fristen som er sett for kapitalutvidinga. Selskapet må kome i mål før påska er omme for å få gjennomført kapitalutvidinga.
Ved årsskiftet hadde tilsaman 120 nye aksjonærar teikna seg i selskapet. Då mangla selskapet 16 millionar kroner på å kome i mål. Aksjonærane som har teiken seg i år har vore færre og større enn i starten.
Kapitalutvidinga blir gjennomført i regi av selskapet Dealflow, som har spesialisert seg på å koble mindre investorar med selskap på jakt etter kapital.
Skal utvide kapasiteten
Pengane frå kapitalutvidinga skal finansiere neste steg med utbygging og auka produksjonskapasitet til selskapet.
OFS sitt landbaserte anlegg ligg mellom Måløy og Raudeberg i tidlegare Vågsøy kommune. Selskapet har gjennomført si første slakting og satsar på å vere i gang med kommersiell aktivitet neste år.
OFS har ein konsesjon på å produsere 15.000 tonn i året.
Publisert: 20.03.2024 13:24
Sist oppdatert: 20.03.2024 13:24